PÅ TV: Frida Tryti Hunshammer frå Årdal blir komande fredag å sjå på «The Voice» på TV2.
PÅ TV: Frida Tryti Hunshammer frå Årdal blir komande fredag å sjå på «The Voice» på TV2.

Fredag ser du henne på «The Voice»: – Eg var nervøs og spent

Årdal: – Eg melde meg på fordi søstera mi, Serine, tipsa meg til «The Voice» og eg fekk melding av dei bak programmet at eg burde melda meg på. Så tykte eg «The Voice» er rette programmet for meg å prøva – eg likar også veldig godt å sjå på det sjølv, seier Frida Tryti Hunshammer.

Årdalsjenta er lokalt kanskje mest kjend som vokalist i « System of six», og ho går no eit årsstudium i musikk på Hamar.

Førstkomande fredag, 8. september, får ho fleire hundre tusen publikummarar over det ganske land når ho blir å sjå under den sokalla «blind audition» av programmet.

– Sjølve innspelinga var 21. april og eg måtte gjennom to rundar før eg kom til «blind audition, fortel ho.

– Hugsar nesten ikkje framføringa mi

Dette fungerer slik at deltakarane i programmet, i dette tilfellet Frida Tryti Hunshammer, syng ein song medan fire dommarar eller rettleiarar sit med ryggen til. Tykkjer minst ein av dei fire at Tryti Hunshammer er god nok til at vedkomande eller dei ønskjer å jobba med henne vidare, snur dei seg.

Med andre ord; snur minst ein av dommarane seg er årdalsjenta vidare. Snur fleire seg kan ho velja kven av dei som snur seg som skal få jobba med henne vidare.

– Eg var nervøs og spent, men det var også ganske kjekt! Det gjekk seg til når eg fekk starta å syngja, men eg var redd for å gjera feil. Alt skjedde veldig fort, og eg hugsar nesten ikkje framføringa mi, seier Tryti Hunshammer.

Om ho gjekk vidare til neste runde i «The Voice», finn du ut av om du ser på TV2 fredag. At musikken står sterkt hjå årdalsjenta, er det i alle høve lita tvil om.

– Eg likar å laga songar, og eg har veldig lyst til å publisera musikken min, seier ho.

Til toppen