POPULÆR: Vinjerock er umåteleg populært og bilettane blir som regel rivne vekk i løpet av minuttar. Fredag startar det ordinære billettsalet. Foto: Arlene Bax/Vinjerock
POPULÆR: Vinjerock er umåteleg populært og bilettane blir som regel rivne vekk i løpet av minuttar. Fredag startar det ordinære billettsalet. Foto: Arlene Bax/Vinjerock

Fredag startar billettsalet

Vil du på Vinjerock til sommaren må du nok sitja klar på dataen fredag. Også i dag, onsdag har du ein liten sjanse.

Eidsbugarden: Billettane til Vinjerock blir som regel rive vekk i løpet av minuttar. Det blir berre lagt ut 3000 billettar til den populære festiivalen, og fredag 2.desember klokka 12 startar det ordinære salet på Ticketmaster i følgje Vinjerock sine nettsider.

Onsdag 30.november er det førehandssal av billettar på Ticketmaster frå klokka 12, så der finst også ein sjanse.

Elles er det også lokalt føtrehandssal hjå Gjensidige Valdres onsdag ettermiddag klokka 16, om du verkeleg er ihuga - her er det snakk om 100 billettar, og berre ein per person.

Førebels er Sondre Justad, Daniel Kvammen, Dagny, Sigrid Raabe, Bendik, The Modern Times og 9 grader nord klare for Vinjerock 2017 20. - 23.juli på Eidsbugarden.

Til toppen