UVISST: Rektor Eva Hage Solstad syner fram Frederik iguanen i dyresamlinga under avslutningsfesten på Ljøsne skule. Alle foto: Ole Ramshus Sælthun
UVISST: Rektor Eva Hage Solstad syner fram Frederik iguanen i dyresamlinga under avslutningsfesten på Ljøsne skule. Alle foto: Ole Ramshus Sælthun

Frederik fekk sjå dyreutstillinga som går ei uviss framtid i møte

Elevar, foreldre og andre fekk sjå den flotte dyreutstillinga på Ljøsne skule ei siste gong før skulen stengjer dørene.

Lærdal: - Han hadde veldig lyst til nokon skulle få glede av det. Og læra av det. Og då ville han at det skulle gå tilbake dit han fekk vitet sitt, ifølgje han sjølv, seier rektor ved Ljøsne skule, Eva Hage Solstad.

Det var Knut H. Blaaflat som samla inn utstoppa dyr; frå hai, iguan og krokodille til skjel og sniglar.

Blaaflat var skipslege og reiste verda rundt gjennom store deler av livet. På 80-talet gav han dyresamlinga si til Ljøsne skule, og sidan har den halde til i eit rom på skulen

- Den står jo litt trongt og har ikkje kome heilt til sin verdigheit her, så ein kunne ha gjort meir ut av det. Men elevane har hatt glede av det. Me har nytta den i ulike samanhengar, ikkje berre naturfag. Elevane finn jo mykje informasjon og bilete på nett, men her får dei ta på det, og det tykkjer dei har vore spennande, seier Hage Solstad.

Artikkelen held fram under biletet

RIKHALDIG: Samlinga består av alt frå slangar, skjelpadder og eit hovud av ein hai til skjel og sniglar.
RIKHALDIG: Samlinga består av alt frå slangar, skjelpadder og eit hovud av ein hai til skjel og sniglar.

Håpar å finna ny plass

Blaaflat var ute og jobba som skipslege i samband med Koreakrigen 1950-53; ein del av samlinga henta han inn då. Andre utstoppa dyr kom til etter kvart.

- Niesa hans, Anne Sofie Blaaflat Mundal, fortalde at det kom åtte kasser heim til Lærdal etter Koreakrigen. Ikkje berre denne samlinga, men andre ting han tok med seg også.

NY PLASS: Kvar skjelpadda og dyrevenene hans/hennar skal halda til i framtida, er uvisst.
NY PLASS: Kvar skjelpadda og dyrevenene hans/hennar skal halda til i framtida, er uvisst.

Under avslutningsfesten på Ljøsne skule vart utstillinga synt fram til dei som ville sjå den for siste gong - i alle fall der den står no. 

Les også: Slik tok elevane farvel med skulen sin

Kva som vil skje vidare med utstillinga er uvisst.

- Familien som eig dei utstoppa dyra håpar jo det skal koma innspel og at dei skal finna ein plass utstillinga verdig, seier Hage Solstad

Til toppen