PÅ LÅN: Fredrik Flo blir leigd ut til Bryne ut sesongen. Arkivfoto
PÅ LÅN: Fredrik Flo blir leigd ut til Bryne ut sesongen. Arkivfoto

Fredrik Flo reiser på lån til Bryne

Medan Simen Brekkhus har gått på lån til Åsane.

Sogndal: Det er Jærbladet som melder at Flo går på lån frå Sogndal til Bryne i haustsesongen. Dessutan skal Simen Brekkhus spela for Åsane i haust. Det skriv klubben sjølv på si eiga Facebook-side.

Flo har hatt to innhopp for Sogndal i første halvdel av sesongen og scora i treningskampen mot kviterussiske Sjakhtyor Soligorsk under treningsleiren i Spania før sesongen.

Les også: Sogndal slo sterk kviterussisk motstandar

I fjor vart også Flo leigd ut i haustsesongen, då til Fana. 

Les også: Fredrik Flo til Fana

Bryne rykte ned frå OBOS-ligaen i fjor og spelar no i 2. divisjon.

Til toppen