FØRSTE SIGER: To mål av Ulrik Fredriksen gav Sogndal årets første trepoengar mot Kongsvinger. Sjå høgdepunkta frå kampen!

VIDEO

Fredriksen stanga inn to mål og sikra årets første trepoengar

Då det losna for Sogndal var det med ein omskulert stoppar i hovudrolla.

Sogndal-Kongsvinger: 4-1

– Det er deilig å endeleg få ein siger, og visa at me kan skåra mål òg, ikkje berre spela 0-0, seier tomålsskårar Ulrik Fredriksen.

Etter tre uavgjorte kampar måtte Sogndal vinna mot Kongsvinger for å halda liv i ambisjonane om opprykk.

Sogndal-Konsvinger 4-1 (3-1)

Nivå: OBOS-ligaen
Stadion: Fosshaugane Campus

Dommar: Bjørn Hansen (Kolbotn IL)

Gule kort, Sogndal: Mandic, Fredriksen, Greenidge.

Mål:

0-1 Jørgen Kolstad (13.)
1-1 Joachim Soltvedt (17.)
2-1 Eirik Schulze (36.)
3-1 Ulrik Fredriksen (41.)
4-1 Ulrik Fredriksen (62.)

Sogndal:

1. Mathias Dyngeland (k)
2. Akeem Latifu
3. Per-Magnus Steiring
16. Reiss Greenidge
29. Tomas Totland (Rindarøy 61.)
7. Eirik Schulze
8. Eirik Birkelund
10. Stanisa Mandic (Hove 76.)
24. Sixten Jensen
30. Joachim Soltvedt
31. Ulrik Fredriksen (Flo 70.)

Benk:

12. Kjetil Haug
9. Ulrik Flo
14. Ole Martin Rindarøy
17. Mohamed Fofana
18. Sigurd Haugen
22. Lars Christian Kjemhus
28. Johan Hove

Men lagoppstillinga til trenar Eirik Bakke oste ikkje akkurat av angrepsvilje. På topp fann me igjen den omskulerte midtstopparen Ulrik Fredriksen, denne gongen med kantspelar Joachim Soltvedt som makker. 

Dei to spissane som var speleklare, Ulrik Flo og Sigurd Haugen, var begge plasserte på benken.

– Eg følte Ulrik fortente det. Han var toppskåraren vår i vinter òg, sjølv om han var stoppar. Me kan ikkje seia noko når han skårar to mål her i dag. Dei andre spissane får berre jobba seg inn på laget, seier Bakke.

Marerittstart for Sogndal

Bortelaget Kongsvinger tok tak i kampen frå start, eigde ballen og tvinga sogndølene til å springa imellom.

Allereie etter 13 minutt fekk dei betalt. Jørgen Kolstad styrte inn 0-1 etter fint spel.

Kongsvinger heldt fram å eiga ballen, men tok samtidig store sjansar i forsøket på å spela seg ut.

Det tok ikkje mange minutta før det straffa seg. Ulrik Fredriksen snappa ein feilpasning, spelte fram Stanisa Mandic, som fann Joachim Soltvedt inne i boksen. Han sette inn utlikninga, og ut omgangen var det berre heimelaget det handla om:

Eirik Schulze sende Sogndal i føringa i det 36. minutt, før Ulrik Fredriksen auka leiinga  til 3-1 med pannebrasken like etter.

GOD: Eirik Schulze skåra sitt andre for sesongen, og var nær ved å putta det tredje. Foto:  Halvor Farsund Storvik

Første siger i boks

Etter kampen avslører Fredriksen at det ikkje er første gongen han blir tomålsskårar. Sist gong det skjedde var for andrelaget i fjor, i serieopninga mot Eid.

NØGD: Trenar Eirik Bakke tykkjer dei har fått dårleg betalt til no i sesongen, men var glad for at det endeleg losna mot Kongsvinger. Foto:  Halvor Farsund Storvik

– Så det er ikkje så lenge sidan, men det er ikkje noko eg gjer kvar dag, seier Fredriksen.

Andre omgang starta med to store sjansar for Sogndal, men Soltvedt bomma på begge. Då funka han betre i rolla som servitør. I det 62. minutt banka han eit frispark mot næraste stolpe, keeperen måtte gje retur og der stod Fredriksen og heada inn sitt andre for dagen.

Sogndal dominerte no fullstendig. I det 77. minutt var Schulze nær ved å skli inn 5-1, men ballen gjekk utanfor.

– I andreomgang følte eg det berre var snakk om kor stor sigeren skulle bli. Då følte eg me var solide. Fire mål skal me vera nøgde med, skal me klatra på tabellen er det viktige at me tek poenga på Fosshaugane, seier Bakke. 

Stort meir skjedde det ikkje i kampen, og Sogndal kunne jubla for tre poeng. For første gong denne sesongen. Sigeren gjer at laget klatrar til sjuandeplass på tabellen, fire bak  Aalesund og Notodden på delt første.

– Det var utruleg viktig, med tanke på at dei andre har kome greitt i gang. No har me seks poeng, og då heng me med likevel, seier Fredriksen.

UTLIKNA: Stanisa Mandic var servitør, og Joachim Soltvedt målskårar då Sogndal utlikna tidleg i første omgang. Foto:  Halvor Farsund Storvik
Til toppen