BRUKTMARKNAD: Mange kom for å sjå på gjenstandar i «bruktmarknaden» som vart arrangert for første gang på haustmarknaden i Gaupne. Her står tre karar og ser på ei skei.
BRUKTMARKNAD: Mange kom for å sjå på gjenstandar i «bruktmarknaden» som vart arrangert for første gang på haustmarknaden i Gaupne. Her står tre karar og ser på ei skei. (Bilde: Øyvind Nondal)

Freista med bruktmarknad og lærdalspoteter

Laurdag gjekk den årlege haustmarknaden av stabelen i Gaupne.

LÆRDALSPOTETER: Bjørn Hesjevoll Winge selde poteter på haustmarknaden i Gaupne.
LÆRDALSPOTETER: Bjørn Hesjevoll Winge selde poteter på haustmarknaden i Gaupne. Foto: Øyvind Nondal

Luster: Haustmarknaden er ein årleg tradisjon som samlar godt med både besøkande og utstillarar. Den vert arrangert i Parken i Gaupne. 

I år har Parken AL kjøpt inn 7,2 tonn lærdalspoteter til marknaden.

Styremedlem, Jon Arne Norberg, seier til Porten.no at det er Parken AL som står for vidaresal av poteter, gulrøter og kålrøter på marknaden. Dei er kjøpt inn frå grønsaksbønder i Lærdal.

Vidare seier Norberg at det er mogleg for utstillarar å leige stand under marknaden.

– I år har vi fått ein del påmeldingar, men nokre ventar med påmelding til dei ser vêret an. Det er opent for påmelding heilt fram til marknadsstart seier Norberg.

Nokre av utstillarane som var på plass laurdag selde mellom anna geistpost, sauekjøt, epler og ymse handarbeid.

Bruktmarknad

Norberg seier til Porten.no at dei i år arrangerer bruktmarknad for første gang.

– Her er der gratis for alle å komme med ting dei ynskjer selja, og vi har sett av eige område til bruktmarknaden, avsluttar han.

På bruktmarknaden var det mange som kom for å sjå og kjøpa gamle gjenstandar. 

Rosa sløyfe-aksjon og utandørs treningstime

I heile oktober er det Rosa-sløyfe aksjon. Målet med aksjonen er å visa solidaritet med brystkreftråka. Aksjonen er av internasjonalt preg, og har vore arrangert i Noreg sidan byrjinga av 2000-talet.

På haustmarknaden hadde dei i år også lagt inn aksjonen i programmet, saman med utandørs treningstime arrangert av Luster treningssenter.  

Til toppen