LESEAKSJON: – Sommarles skal vera artig og kos for ungar, seier Gry Hatlelid, biblioteksjef ved Årdal bibliotek. Foto: Ina Eirin Eliassen
LESEAKSJON: – Sommarles skal vera artig og kos for ungar, seier Gry Hatlelid, biblioteksjef ved Årdal bibliotek. Foto: Ina Eirin Eliassen

Freistar leseglade ungar med premiar og Klovnen Knut

Årdal bibliotek arrangerer for første gong kampanja Sommarles, som er retta mot 1. til 7. -klassingar.

– Dette gjer me for å auka leselysta blant ungar. Du kan lesa alt frå teikneseriar, biletbøker, foreldra dine kan lesa eller du kan lytte til lydbøker. Hovudsaken er at du har det kjekt med bøker, seier Gry Hatlelid, biblioteksjef ved Årdal bibliotek.

Ho legg til at biblioteket har mykje gode bøker å by på, så spør etter hjelp når du kjem så vil dei hjelpe deg å finne fram. 

Les minst fem bøker

Dei som deltek hentar eit lesekort på biblioteket. Du får stempel for kvar bok du les når du leverer dei attende til biblioteket.

Alle som les minst fem bøker og leverer lesekortet innan 28. august, blir med i trekninga av fine premiar og får billett til å vera med fest på biblioteket 4. september. 

Fest med Klovnen Knut

På festen blir det noko å bite i, uttrekning av premiar og underhaldning med den populære Klovnen Knut, som er på turné i Sogn. Her kan du venta deg mykje tryll og tøys, musikalse unotar og klovnekunstar. 

Sommarles er eit samarbeidsprosjekt mellom biblioteka i Sogn. 

Årdal biblitek held oppe i heile sommar. Du finn meir informasjon på heimesida

Til toppen