NÆRMAR SEG LAPPEN: Tina Rasmussen (f.v), Jørgen Jevnaker Midtun, køyrelærar Marit Elisabeth Høgheim, Jonas Kvam og Mathias Madslien på kurs om trafikktryggleik ved Høgheim Trafikkskule.
NÆRMAR SEG LAPPEN: Tina Rasmussen (f.v), Jørgen Jevnaker Midtun, køyrelærar Marit Elisabeth Høgheim, Jonas Kvam og Mathias Madslien på kurs om trafikktryggleik ved Høgheim Trafikkskule.

Freistar unge sjåførar med lappen

NAF Fjordane og Ytre Sogn går nye vegar for å sikre unge sjåførars tryggleik i trafikken med Førarkortkonkurransen 2015, der ein kan vinne eit gratis førarkort. 

– Gjennom å no lansere ein slik konkurranse håpar me å oppnå trygge unge sjåførar med gode haldningar i trafikken, seier avtroppande styreleiar i NAF Fjordane og Ytre Sogn, Atle Lerpold.

Fleire instansar som mellom anna Trygg trafikk, Politiet og Statens vegvesen støttar også opp om tiltaket for å betre trafikktryggleiken. 

Fokus på kunnskap 

Førarkortkonkurransen gjeld for unge i alderen 17 til 20 år i heile fylket, som har planer om å ta oppkøyringa til førarkortet innan utgangen av 2015. Sjølv om konkurransen starta 4. april, er det alt mange som har delteke i konkurransen, fortel Lerpold.

Kvar veke vil det det bli trekt ut vekevinnarar, som går vidare til finalen i Førde 9. mai. Der vil to vinnarar bli kåra, ein gut og ei jente, som får dekka utgifter til førarkort på inntil 20 000 kroner.  

Spørsmåla for å delta i Førarkortkonkurransen 2015 finn du her. 

TRAFIKKTRYGGLEIK: Marit Elisabeth Høgheim underviser om risiko ein utsett seg for som sjåfør.
TRAFIKKTRYGGLEIK: Marit Elisabeth Høgheim underviser om risiko ein utsett seg for som sjåfør.

– Unge sjåførar har vorte flinkare

Samstundes med førarkortkonkurransen til NAF, held Marit Elisabeth Høgheim ved Høgheim Trafikkskule i Øvre Årdal kurs for køyreelevane sine.

Då Porten.no var innom tysdag hadde ikkje køyreskuleelevane høyrt om konkurransen, men Mathias Madslien (18) synest det hadde vore greitt å få sponsa førarkortet. Eit førarkort kostar i snitt 23 000 kroner, opplyser Høgheim.

Høgheim fortel talet på ulykker blant unge har gått ned dei siste åra. I 2014 vart 152 drepne i trafikken; ein nedgang frå 187 året før. Ho fortel at i den seinare tid har det vorte innført eit obligatorisk tryggingskurs der ein legg vekt på risiko på vegen, som ein del av vegen til førarkortet. 

– Unge sjåførar har vorte flinkare. Eg veit ikkje om det botnar i tryggingskurset som er innført i køyreopplæringa, men eg håpar det virkar inn, seier Høgheim. 

Drapsvåpen

Elevane på kurset hos Høgheim er alle i siste fase av opplæringa og har alt fått dato for oppkøyring. Målet med tryggingskurset er å gjera trafikantane så gode som mogleg. Høgheim innleiar tysdagen kurs med å syne dei eit førarkort med påskrifta "Licence til kill" og ho spør elevane eit leiande spørsmål om kva som er det største drapsvåpenet i Noreg. 

– Tenkjer de på risiko når de køyrer bil?

– Eg prøver jo å køyre tryggast mogleg, vil helst unngå store lastebilar og å skli på vegen, seier Madslien.

Tina Rasmussen fortel ho er livredd for å køyre på dyr, men er trygg på kva ho skal gjere om ulykka er ute. 

Likevel ser dei med glede fram til dagen då dei har sitt eige førarkort i lomma. 

Har du tips? Send på e-post til tips@porten.no, på SMS med kodeord PORTEN [di melding] til 1963 eller ring oss på telefon 480 13 131.

Til toppen