BORTE VEKK: Natt til søndag forsvann det ein robotgrasklyppar frå Sjukestova i Øvre Årdal.
BORTE VEKK: Natt til søndag forsvann det ein robotgrasklyppar frå Sjukestova i Øvre Årdal. (Foto: Norsk Folkehjelp Årdal)

Frekke tjuvar stal robotklyppar frå folkehjelpen

No ønskjer den frivillige organisasjonen i Årdal tips frå publikum.

Årdal: – Me har ikkje sett noko til han enno, så saka vil nok bli meld til politiet, seier Kjell Arne Solheim hos folkehjelpen i Årdal.

Det var natt til søndag at tjuvar tok med seg robotgraskløpparen og ladestasjonen deira frå lagshuset Sjukestova i Øvre Årdal. Ut i frå appen til kløpparen skjedde dette i eitt- tida.

FRUSTRERT: Leiar Kjell Arne Solheim (til venstre) i Norsk Folkehjelp i Årdal håpar at robotgrasklypparen deira kjem til rette.

– Det er veldig synd at ikkje ting kan få stå i fred. Denne vart kjøpt inn for å halda plenen vår i orden, utan at me måtte halda på med for mykje ekstra dugnad, i tillegg til alt det andre me styrer på med, seier han.

Ønskjer tips

Ein ting dei vil sjekka ut, er om det er mogleg å spora klypparen ved hjelp av GPS.

– Han kostar mykje ein slik robotgrasklyppar. Dette er pengar me har fått inn på dugnad og andre ting. Det er frustrerande, seier Solheim, og fortel at det er første gong dei opplever at nokon stel noko frå dei.

Solheim ber folk som kan ha sett noko om å bidra med tips. Dei har allereie fått god respons på innlegget dei la ut om tjuveriet på Facebook, utan at det har ført til konkret enno.

– Det er mange som har delt, så me har eit stort håp om at det kan nå ut til mange, seier Solheim.

Til toppen