KORT GLEDE: Fram til mai vil du sleppa å venta i kolonnekø utanfor tunnelane i Aurland.
KORT GLEDE: Fram til mai vil du sleppa å venta i kolonnekø utanfor tunnelane i Aurland. (Foto: Silje Drevdal/Statens vegvesen)

Fri ferdsle i Aurlandstunnelane

Men lukka varer ikkje evig.

Aurland: Etter ein periode med tre timar lange stengingar, vil E16 Gudvangatunnelen no vera open for fri ferdsle heile døgnet ei tid framover, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding. Frå torsdag 19. april opnar Fretheimstunnelen og Onstadtunnelen òg.

Det varer rett nok ikkje lenge før det er på han igjen med kolonnekøyring og stengingar.

Før sommaren, truleg i mai, startar arbeidet med å montera nye tryggleikssystem og betre lys i Gudvangatunnelen. Samtidig startar opprustinga av Flenjatunnelen. Grunna sprenging må trafikantane bu seg på fleire lange stengingar. Sidan tunnelane ligg rett etter kvarandre blir det køyrt éi kolonne gjennom begge når arbeidet startar opp att.

– Me kjem til å halda på tre-timars stengetider i ein periode, men tidspunktet for langstenginga kan bli endra, seier byggjeleiar Hans Myklatun i pressemeldinga.

Fram til september vil arbeidet gå mellom klokka 22.00 og 06.00 søndag til fredag.

Oppgraderinga av tunnelane i Aurland skal etter planen vera ferdig mot slutten av 2019.

Til toppen