MINNAST KAMPEN FOR FRED: 9.klasse ved Lærdalsøyri skule har i fleire veker jobba med 2. verdskrig på skulen. På frigjeringsdagen bestemte dei seg for å legge ned roser for fire soldatar som fall på Borlaug. Foto: Agnar Aarethun
MINNAST KAMPEN FOR FRED: 9.klasse ved Lærdalsøyri skule har i fleire veker jobba med 2. verdskrig på skulen. På frigjeringsdagen bestemte dei seg for å legge ned roser for fire soldatar som fall på Borlaug. Foto: Agnar Aarethun

Frigjeringsdagen: La ned roser for soldatane

I søken etter svar på spørsmålet om korleis andre verdskrig kunne skje, bestemte 9. klasse ved Lærdalsøyri skule seg for å halde ein eigen markering av frigjeringsdagen og 70 år med fred.

Dei siste vekene før frigjeringsdagen 8. mai har 9. klasse ved Lærdalsøyri skule jobba mykje med kva som skjedde under 2. verdskrigen, som er eit av hovudemna i historie dette skuleåret og viktig kunnskap for dei unge også i dag. 

– Elevane har verkeleg vore interesserte, både i sjølve krigshandlingane og verknadene krigen fekk. Likevel var det eitt tema som opptok dei meir enn noko anna, nemleg «korleis kunne dette skje?», fortel Agnar Aarethun, som er lærar i samfunnsfag ved skulen. 

Målet med undervisinga har mellom anna vore å forstå at fred er noko me må ta vare på og ikkje ta for gitt.

Henta inn lokalhistorikar

I søken etter svar har elevane tenkt gjennom kva historia fortel oss og korleis denne kunnskapen kan hindra at noko slikt kan skje på ny. 

Ungdomskuleelevane har lese om krigen, sett filmar, gjennomført tema-arbeid og invitert den tidlegare læraren og lokalhistorikaren Kåre Hovland for å læra meir. 

Hovland hadde med seg ein del effektar frå krigsåra og fortalte med spenning historia om då krigen kom til bygda. Han fortalte mellom anna om ei trist hending på Borlaug dei første dagane etter krigsutbrotet.

Fire norske soldatar var på veg til Sogn over Filefjell etter å ha kjempa mot tyskarane i Valdres. Uheldigvis kom det samstundes nokre tyske soldatar ned Hemsedalsfjellet, noko som førte til kamphandlingar. Alle dei fire norske soldatane fall i kampen mot tyskarane.

– Målet med undervisinga har mellom anna vore å forstå at fred er noko me må ta vare på og ikkje ta for gitt. Me har også fått inntrykk av kor mykje det betydde då freden kom til landet i maidagane 1945 og feiringa av den, fortel Aarethun.

TIL MINNE: Som eit minne om dei fire norske soldatane som tapte kampen på Borlaug under krigen, ville 9. klasse legge ned roser på bautasteinen på Lærdalsøyri, ei rose for kvar av soldatane.
TIL MINNE: Som eit minne om dei fire norske soldatane som tapte kampen på Borlaug under krigen, ville 9. klasse legge ned roser på bautasteinen på Lærdalsøyri, ei rose for kvar av soldatane.

Roser til minne om dei fire norske soldatane

I samband med sjølve frigjeringsdagen 8. mai 1945 ville elevane i klassen gjerne minnast den.

– Me bestemte oss for å laga til ei lita markering ved den gamle bautasteinen på øyri. Det var naturleg sidan den er eit minnesmerke om kampen for fred i tidlegare tider, fortel Aarethun.

Om morgonen 8. mai samla heile skulen seg til flaggheising og nasjonalsongen, ei fin markering for alle elevane.

Etterpå rusla 9. klasse-elevane ned til bautasteinen. Der vart det sagt nokre ord til ettertanke og elevane la ned rosene til minne om dei fire soldatane som fall i kampen for fred.

Til toppen