Frikjend etter dødsulukke i Raudbergtunnelen
(Foto: Halvor Farsund Storvik / Arkiv)

Frikjend etter dødsulukke i Raudbergtunnelen

Retten kunne ikkje slå fast at den 28 år gamle føraren av bilen køyrde med uforsvarleg høg fart då ulykka skjedde, og fann  ikkje noko å laste han for.

Sogndal: Torsdag blei det klart at 28-åringen som blei tiltalt for å ha køyrd på ein 87 år gamal syklist i Raudbergtunnelen i 2017, blei frifunnen. Syklisten som blei påkøyrd døydde etter skadane han fekk. 

I dommen seier Sogn og Fjordane tingrett at føraren av bilen var så aktsam som han burde vera etter tilhøva, sjølv om han ikkje såg den eldre mannen som anten sykla eller stod bøygd over sykkelen inne i den ganske mørke tunnelen.

Politiadvokat Sissel Kleiven la ned påstand om på at mannen burde bli dømt etter tiltalen, brot på vegtrafikklova. Forvarsadvokat Jan Tollefsen kravde at tingretten måtte frikjenna han.

Retten er samd med påtalemakta i at redusert fart ville auka sjansen for at føreren av bilen hadde oppdaga den forulykka, og fått tid til å manøvrere unna. Men retten kan ikkje slå fast at 28-åringen heldt uforsvarleg høg fart då ulykka skjedde, heiter det i dommen.

Til toppen