TIL SOGNDAL: I mars kjem Frikjent-stjerna Susanne Boucher til Sogndal Filmfestival der ho skal halde foredrag. Foto: Pressefoto.
TIL SOGNDAL: I mars kjem Frikjent-stjerna Susanne Boucher til Sogndal Filmfestival der ho skal halde foredrag. Foto: Pressefoto.

Frikjent-Helene kjem til Sogndal Filmfestival

Susanne Boucher (19) kjend frå serien Frikjent kjem til årets filmfestival i Sogndal. 

Sogndal: – Me er veldig stolte av å presentere Susanne Boucher som vår første gjest og føredragshaldar ved Sogndal Filmfestival 2017, fortel festivalsjef Sunniva Breidvik i ei pressemelding.

Susanne Boucher (19) debuterte som skodespelar i rolla som Mari i «Keeper’n til Liverpool» i 2010. Ho er mest kjend for rolla som Helene Hansteen i «Frikjent « (2015), den norske krimdramaserien som er delvis spelt inn i Lærdal og Årdal i Sogn.

I tillegg til dette har Boucher også spelt Cecilie i «Beatles» (2014) og hatt ei lita rolle i VGTV-serien «Kasim Bæder».

Artikkelen held fram under biletet.

Foto av arrangørane av Sogndal Filmfestival, avgangsklassen i medium og kommunikasjon ved Sogndal vidaregåande skule. Bak frå venstre: Robert Indrebø, Magnus Grotle Førde, Trine Husdal, Brede Kvist, Håvard Aasen Andersen. Framme frå venstre: Ingeborg Flatjord Kjøsnes, Frida Jordalen Skoglie, Veronika Vindedal og Sunniva Breidvik.

Skal delta på fagdagen

I mars kjem ho til Sogndal for å delta på fagdagen til filmfestivalen. Her skal ho fortelja om filmkarriera si, innspelinga av Frikjent og om kva som gjekk føre seg i kulissane. 

Fagdagen vert i Sogndal Kulturhus, og Boucher får selskap av fleire andre føredragshaldarar.

– Me har framleis fleire kjende namn som vi skal presentere etterkvart, seier Sunniva Breidvik.

Skal vise det beste av ung, vestlandsk kortfilm

I fjor vitja blant andre TV-aktuelle Leo Ajkic og filmregissør Erik Poppe festivalen, som vert arrangert av avgangsklassen i medium og kommunikasjon ved Sogndal vidaregåande skule.

Susanne Boucher vert også å treffe på gallakvelden 23. mars. Her blir det raud løpar og prisutdeling med prisar i mange forskjellige kategoriar. Gallakvelden har også underhaldningsinnslag og enkel servering, og arrangørane lovar ein kjekk kveld for både unge og vaksne.

Sogndal Filmfestival tek mål av seg til å vise fram det beste av ung, vestlandsk kortfilm og ønskjer seg fleire filmar til konkurransen. Fristen for å sende inn er 23. februar, og aldersgrensa for å sende inn film er 28 år.

– Du kan melde deg på så mange kategoriar du vil, med så mange filmar du ønskjer, fortel marknadssjef Magnus Førde.

Til toppen