REKORD: «Frikjent» sette ny premiererekord på TV 2. Heile 660 000 følgte serien under premieren måndag kveld. Foto: NTB/Scanpix.
REKORD: «Frikjent» sette ny premiererekord på TV 2. Heile 660 000 følgte serien under premieren måndag kveld. Foto: NTB/Scanpix.

«Frikjent» sette ny premiererekord

Les kva folket seier om serien etter premieren.

Tysdag melder TV 2 at «Frikjent» var den mest sette drama-premieren nokonsinne. Heile 660 000 TV-sjåarar benka seg føre skjermen for å få med seg den første episoden av serien som finn stad i Årdal.

– For ei lita drama-avdeling med mykje på trappene i 2015, er dagen i dag 17. mai og julaftan på ein gong. Det er utruleg gøy når sjåarane vel norsk kvalitetsdrama, og responsen på sosiale medium er så positiv, seier dramasjef i TV 2 Christopher Haug til TV 2.

I den første episoden fekk ein fleire glimt frå Årdalstangen med spektakulære bilete frå helikopter. Ein var blant anna innom Årdalstangen stadion og Norsun, og ein fekk til og med sjå nokre kjende lokale ansikt.

Serien hadde allereie på førehand fått gode tilbakemeldingar i anmeldingar i ulike aviser, og amerikanske The Hollywood Reporter har for lengst meint at «Frikjent» er ein nordisk serie å sjå opp for i 2015.

Porten.no spurte på vår Facebook-side kva lesarane våre syntest om den første episoden. Svara tyder på at dei likte det dei såg.

– Eg synest den var bra og gledar meg til neste måndag, er det ein som skriv.

– Veldig bra. Masse bilete frå Årdalstangen (mi heimbygd) og Lærdal. Godt spel. Og litt om hendinga fra Koparvik, Birgitte Tengs-saka, skriv ei anna.

Også på det sosiale mediumet Twitter blei serien godt motteke.

Til toppen