Årdal: Bassenget på Årdalstangen skal bli oppgradert og opna til sommaren 2019, kom det fram på formannskapsmøtet tysdag.
– No er det vurdert, og det er funne ut at det ikkje er mogleg å få opna bassenget til sommaren 2018, seier ordførar Arlid Ingar Lægreid.
– Alle gode krefter gjer så godt dei kan. Men me greier det ikkje til i sommar. Hovudårsaka til at dette ikkje går, er av reint praktiske grunnar, seier rådmann Olve Fossedal.
I januar vart det bestemt at bassenget på tangen ikkje skulle opnast i år, men i slutten av april snudde politikarane etter at Knut Arne Klingenberg (H) fekk gjennomslag.
Porten.no oppdaterer saka.