Sju av ti:  Ei slik maskin kjem på plass på Lærdal sjukehus om dei tre millionane som manglar kjem på plass. Illustrasjonsfoto
Sju av ti: Ei slik maskin kjem på plass på Lærdal sjukehus om dei tre millionane som manglar kjem på plass. Illustrasjonsfoto (Arkiv)

Frir til næringslivet

Tre millionar kroner manglar for å få på plass MR-maskina i Lærdal. No håpar ein at næringslivet i Indre Sogn kan bli med på siste rest av finansieringa.

Lærdal: – Me sendte ut brev til næringsaktørar i Lærdal og næringssjefar i dei andre kommunane i går. Næringssjefane har lovd meg å formidla dette vidare til næringslivet i sine kommunar, seier Arve Tokvam, dagleg leiar i Lærdal Næringsutvikling.

Åtte av ni kommunar bidreg

Så langt er nesten sju av dei ti millionane som trengst for å finansiera maskina på Lærdal sjukehus i boks. Åtte av ni kommunar har vedteke bidrag av varierande storleik. Desse er som følgjer:

  • Lærdal: Tre millionar kroner
  • Årdal, Aurland, Sogndal og Luster: 800 000 kroner kvar
  • Vik: 200 000 kroner
  • Høyanger: 30 000 kroner
  • Balestrand: 20 000 kroner
  • Leikanger: Bidreg ikkje til finansieringa i 2016, vedtok i formannskapet å vurdera tilskot på nytt i 2017.
<strong>Optimist:
<strong>Optimist:

Sogn Regionråd laga ein modell for kor mykje ein såg føre seg dei ulike kommunane kunne bidra med. Utom dei tre millionane frå Lærdal kommune, låg det inne 800 000 kroner frå Årdal, Aurland, Sogndal og Luster i denne modellen - alle desse stør altså finansieringa fullt ut.

For Vik, Balestrand, Leikanger og Høyanger var det snakk om 200 000 kroner i modellen - Vik stør fullt ut, Høyanger og Balestrand vedtok mindre summar medan Leikanger altså ikkje fann pengar til dette i år. 

Givarvilje i lag og foreiningar

I tillegg har ei rekkje lag og foreiningar kome med bidrag til MR-maskina:

No er det altså næringslivet ein håpar kan koma på bana for å få siste rest av finansieringa på plass:

– Det er ein del initiativ på gang ute i næringslivet. Nokre verksemder har alt kome med gåver, og fleire har signalisert at dei ynskjer å bidra. Så eg er optimist på at me skal koma i mål, seier Tokvam.

Har ut året på seg

Ei MR-maskin tek bilete av kroppsvev og kan såleis avdekkja ei rekkje sjukdommar og skadar. Rolf Jerving, prosjektleiar for MR i Lærdal, fortel at dersom finansieringa går i orden startar prosessen med å få maskina fysisk på plass i 2017.

– Me må ha på plass dei ti millionane i løpet av året. I så fall er Helse Førde innstilte på å budsjettera maskina i 2017. Maskina blir gitt til Helse Førde for at dei kan aktivera den i budsjetta sine. Helseføretaket vil altså stå for driftskostnadane, desse kostnadane er ganske betydelege. Vidare er det avtalefesta at dersom det av ein eller annan grunn ikkje skal ytast MR-tenester i Lærdal i framtida, så skal rekneskapsmessig verdi av maskina attendebetalast givarane.

 

 

Til toppen