PENGAR TIL SATSING: Terje Laberg i Årdal Utvikling håpar politikarane vil vera med og bidra med pengar no som reiselivet skal satsast på dei komande åra. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
PENGAR TIL SATSING: Terje Laberg i Årdal Utvikling håpar politikarane vil vera med og bidra med pengar no som reiselivet skal satsast på dei komande åra. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Frir til politikarane om midlar til reiselivet

– Dette blir ein alvorleg diskusjon for politikarane, seier Terje Laberg i Årdal Utvikling.

Årdal: Næringsselskapet til Årdal kommune er godt i gong med arbeidet for å gjere reiseliv til ei viktig næring for bygda. Berre i år skal Årdal Utvikling spytta inn 1,7 millionar kroner i denne satsinga.

Då aktørar frå reiselivet var samla sist veke for ei orientering om kor lang ein er komen i arbeidet, gav Laberg tydeleg signal til dei folkevalde om at pengar må følgja etter satsinga.

– Det me har lært dei siste åra, er at me skal bruka dei pengane me har på éin ting om gongen. No har me brukt mykje pengar og innsats på handel, og før det på industri. Tanken er at viss me skal i gong med reiselivet, er det her midlane må gå, sa han.

– Dette blir ein alvorleg diskusjon for politikarane. Det er kommunestyret som må seia noko om dette i neste omgang når budsjettmidlane kjem.

– Bruka pengane rett

Det var i vinter startskotet for reiselivssatsinga gjekk, og etter alt å dømma er dette eit område dei fleste i kommunen meiner Årdal har forsømt seg på. 

– Eg er ein av få som veit at kommunen er søkkrik. Me har mykje meir pengar enn dei fleste. Det snakk om å bruka dei på den rette måten, sa Laberg og meinte satsing på reiseliv og utvikling av samfunnet er to sider av same sak.

– Årdal Utvikling får om lag 4 millionar frå kommunen og nokre pengar frå andre kanalar. Det er det me har, men det er klart at dersom Årdal kommune vil satsa og ta eit tak, kan me auka innsatsen betydeleg dei neste tre-fire åra. Det er eg ikkje i tvil om, men då må me saman finne gode strategiar, velja ut og stå samla om dei.

Samlande for bygda

Reiselivet har også blitt dratt fram som eit område som kan samla dei to tettstadane i kommunen. Og det er påpeikt frå fleire hald at den mentale og fysiske avstanden mellom desse må kortast ned slik at dei heller kan utfylle kvarandre i arbeidet.

– Viss me får denne konfliktgreia, har me tapt. Her må me bli samde og gå for det. Tanken min med denne prosessen er at Årdal Utvikling har eit sterkt ønske om å jobba fram eit strategidokument, og så er det opp til aktørane å vere med på desse løpa, held Laberg fram. 

Når reiselivssatsinga er over, er det kultur som står for tur. 

– Eg håpar de ser samanhengen her med at handel generer besøkande og trivsel, medan reiselivet og kulturen styrkar dette. Då har me ei overskrift som heiter besøksnæringar. 

Industriprosjekt

I Årdal har tradisjonelt industrien stått veldig sterkt, men Laberg trur ikkje det vil koma store prosjekt her som skal «redde Årdal».

– Det er mangfaldet som vil gjere det. Eg trur personleg at det vil koma industriprosjekt, men at det blir mest robotar, ikkje nye arbeidsplassar. Norsun har signalisert store investeringar, og eg trur Hydro også vil koma etter, men dette er ikkje noko Årdal Utvikling treng gjera noko med. Dei kjem anten me vil det eller ikkje. 

Laberg understreka også at det ikkje er Årdal Utvikling som skal eige prosjekta og ansvaret for desse, men at deira rolle er å bidra og hjelpa til med å skaffe midlar og kontaktar. 

Til toppen