FRITAK: Kommunane får høve til å frita hytter og fritidsbustader frå hytteskatt frå neste år. Det vedtok Stortinget måndag.​ Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes.
FRITAK: Kommunane får høve til å frita hytter og fritidsbustader frå hytteskatt frå neste år. Det vedtok Stortinget måndag.​ Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes. (Illustrasjonsfoto: Arkiv)

Fritt fram for fritak av hytteskatt

Kommunane får høve til å frita hytter og fritidsbustader frå hytteskatt frå neste år. Det vedtok Stortinget måndag.

Indre Sogn: – Fritak for fritidsbustader vil kunna stimulera for meir hytteutbygging, med positive ringverknader for lokale entreprenørar, byggmeistrar, elektrikarar og nærbutikkar, seier Frps finanspolitikar Roy Steffensen til NTB.

På spørsmål om kvifor regjeringa ikkje snur på flisa og opnar for å sjå bort frå vanlege bustader, men skattleggja hytteeigarar, svarer han slik:

– Hytteeigarar nyttar seg ikkje av kommunale tenester som barnehage, skule og sjukeheim. Dei har heller ikkje stemmerett ved lokalval.

Stortinget samla seg måndag også om ei anna regelendring, som inneber at kommunane uansett må velja lågaste sats på 2 promille det første året dei skriv ut eigedomsskatt. Dette skal altså gjelda uavhengig av om kommunen har hatt avgrensa eigedomsskatt tidlegare, til dømes på verk og bruk. (©NPK)

Til toppen