FRITT SKULEVAL: Les innlegget til Karianne Torvanger (AP), leiar i hovudutval for opplæring om fritt skuleval. 
meiningar
FRITT SKULEVAL: Les innlegget til Karianne Torvanger (AP), leiar i hovudutval for opplæring om fritt skuleval. 
meiningar

Fritt skuleval- har vi grunn til å juble?

Les innlegget til Karianne Torvanger (AP), leiar i hovudutval for opplæring.

  • Endret

UTDANNING: For kort tid sidan la regjeringa fram eit lovforslag som vil gjere det enklare for elever å velje skule over fylkesgrensene, såkalla fritt skuleval.

Forslaget gir også rett til gjesteelevgaranti og at fylket får ei finansieringsplikt dersom ein elev får skuleplass i eit anna fylke. Forslaget om friare skuleval inneberer at elevene får ein ubetinga rett til skuleplass i et anna fylke finansiert av heimfylket, også dersom heimfylket har eit tilsvarande tilbod.

Det er lagt til grunn at ordninga skal innførast ved opptak til skuleåret 2017/2018.

Mindre elevar i eigne tilbod

At saka kjem no er ikkje noko overraskande, før jul i fjor var det varsla endringar i opplæringslova gjennom ei høyringsrunde.  Hovudutval for opplæring, har svart på høyringa i sak 30/15. 

Vårt høyringsvar gjekk i hovudsak på at ein utvida rett gjennom fritt skuleval mest truleg vil føre til mindre elevar i eigne tilbod og ein vesentleg auke i kostnad til gjesteelevar.

H, KRF og V stemte imot dette. Men det som er interessant, er tilleggspunktet V og KRF fremma som er mykje av kjernen i problemstillinga:

Hovudutvalet for opplæring vil peike på at dersom framlegget frå Regjeringa blir vedtatt, kan enkelte fylke kan få dimensjonerings-utfordringar for undervisningstilbodet dersom mange vel skular utanfor fylket.

Det gjeld særleg distriktsfylke med relativt lågt elevgrunnlag og lange avstandar/mange hybelbuarar. Utviklinga på økonomien til fylka som har denne utfordringa må følgjast nøye, og sikre at skuletilbodet for dei resterande elevane i fylket ikkje blir urimeleg skadelidande.

Den store taparen

Dette kan jo tyde på at dei sjølve ikkje er sikre på om fritt skuleval er ein god ide for Sogn og Fjordane. Fritt skuleval kan høyres fint nok ut det! Men det er også viktig å sjå på realitetane i saka.

Eg fryktar at Sogn og Fjordane blir den store taparen også her.

Fleire parti jublar og meiner at denne ordninga vil føre til at fleire elevar frå andre fylke vil gå på skule i Sogn og Fjordane, vi har tross alt ein av dei beste skulane i landet.

Vel, det er ingenting per i dag som hindrar for det. Likevel er det bare 0-1 elev kvart år frå andre fylker som søker seg til Sogn og Fjordane årleg.

Motsett er talet rundt 80 +/- som søker seg ut av fylket. Ein del av desse elevane høyre til Hordalandsavtalen, nokon av dei går på tilbod vi ikkje har i eige fylke. Men ein god del elevar frå Sogn og Fjordane går også på ledige elevplassar i andre fylke, som vi i dag ikkje betalar for.

Dersom den nye lovendringa trer i kraft vil vi måtte betale for desse plassane. Det er bare ei lite men… og dette har eg kopiert direkte frå heimesida til regjeringa:

Bakerst i køen

– Det einaste som kan hindra eleven i å få plass i eit anna fylke, er dersom det ikkje er ledige skuleplassar, og at gjesteeleven tar opp plassen til ein anna elev, sier Røe Isaksen. 

Dette betyr faktisk at våre elever stiller bakerst i køen. Det H- sida her eigentleg foreslår er at vi utifrå ei ideologisk tilnærming skal sende elevar ut av fylket og betale for å fylle opp ledige plassar i andre fylke på bekostning av tilbod i eige fylke.

Dagens ordning fungerar slik at ved kjøp av elevplass i andre fylker gjer fylkeskommunen på forhand avtale med ein anna fylkeskommune om slikt kjøp.

Gjennom ein gjesteelevgaranti konkurerar våre elevar på lik linje med elevane i det aktuelle fylket og vi betaler for plass dersom eleven får plass. Elles kan våre elevar fritt gå på ledige plassar i andre fylke som vi ikkje betalar for , og omvendt. Dagens regelverk opnar altså for at elevar frå andre fylke kan gå på skule hos oss.

Spissa tilbod

Så har vi sjølvsagt sett at det på enkelte områder er utfordringar. I vårt eige fylke har vi laga ordningar som spissa idrettstilbod innan fotball, skiskyting og volleyball.

I ordninga for potensielle toppidrettsutøvara, har vi prøvd å legge til rette, og vi har også gjennom den lokale inntaksforskrifta gjeve rom for at særlege talent , basert på prestasjonar, skal få lov til å utvikle det i miljø utanfor fylket dersom vi sjølv ikkje har godt nok tilbod.

Vår primære oppgåve er å syte for eit best mogleg tilbod i vårt eige fylke for våre elevar. Kjøp av skuleplassar i andre fylker vil utan tvil påverke kostnadsnivået i opplæringssektoren og kunne påverke dimensjoneringa av tilbodet i vårt eige fylke.

Nei, vi skal ikkje bare tenke økonomi, men dei store kutta vi må til med knytt til nytt inntektssystem gjev oss ekstra utfordringar. For opplæringssektoren snakkar vi om mellom 80 og 90 millionar. Vi ser også at utlysing og justering av opplæringstilbodet blir tøffare og meir utfordrande for kvart år.

Vi kan ikkje ta for gitt at kvaliteten vi har på skulen vår idag held seg!

Lovforslaget vil bli behandla av Stortinget i løpet av våren. Eg tenkjer det er ingen skam å snu.

Til toppen