FRITT VAL?: Vidaregåande-elevane i Vestland vil ikkje få høve til å søka seg kor dei vil i det nye storfylket, viss fleirtalet i fellesnemnda får det som dei vil.
FRITT VAL?: Vidaregåande-elevane i Vestland vil ikkje få høve til å søka seg kor dei vil i det nye storfylket, viss fleirtalet i fellesnemnda får det som dei vil.

MEININGAR

– Fritt skuleval i fritt fall

– Fritt skuleval i heile Vestland vil sørgje for at fleire elevar får gå på nett den skulen dei ønskjer seg, men nett no set fellesnemda sitt fleirtal heile ordninga i spel, skriv Silja Ekeland Bjørkly, fylkesordførerkandidaten til Vestland Høgre.

Meiningar: Fleirtalet i fellesnemda for Vestland har lagt til grunn å innføre geografisk avgrensa soner for opptak til vidaregående skule.

Det betyr at elevar frå Hordaland ikkje vil kunne søke seg til ei skule i Sogn og Fjordane eller omvendt. Det kan til og med bety at ein elev i Bergen ikkje kan søke seg til ei yrkesfagsskule i Sogn.

Elevane er nøgde med ordninga

I både Sogn og Fjordane samt Hordaland har ein hatt lang tradisjon for fritt skuleval. Åtte av ti elevar er nøgde med ordninga.

Vi trur på elevane og at dei vil ta gode val som høver for dei. Vi trur heller ikkje at det blir slik at alle elevane i Sogn og Fjordane vil søke seg til Hordaland eller omvendt.

Om ein avgrensar valmoglegheitene ved å lage «regionar» i fylket som fastset kor du kan søkje deg til, så er ordninga med fritt skuleval i fritt fall. Dette handlar om meir enn fridomen til å velje skule sjølv. Det seier òg til elevane at vi stolar på at dei veit kva som er best for seg og at dette valet kan dei ta sjølve.

Elevorganisasjonen er for fritt skuleval. Elevane er for fritt skuleval. Er det nettopp nokon som veit best kva studietilbod som motiverar dei så er det elevane sjølve. Når vi veit at éin av tre elevar ikkje fullfører videregåande er difor avgjerande å leggje opp til et studieløp som motiverer.

Fritt skuleval er ikkje eit perfekt system, men det byggjer på nokon grunnleggjande prinsipp om kven som skal bestemme over elevane sin kvardag.

– To steg tilbake

Vi trur på elevane og at dei vil ta gode val som høver for dei. Vi trur heller ikkje at det blir slik at alle elevane i Sogn og Fjordane vil søke seg til Hordaland eller omvendt. Det er likevel rart at to fylke som snart blir til eitt skal lage hindringar for at elevane kan nytte seg av tilbodet i heile det nye fylket. Då har ikkje samanslåinga den effekta ein ønskte.

Regjeringa har og allereie lagt opp til at det skal vere mogleg å søke på skular på tvers av fylkesgrensene, medan elevane i Vestland kan berre velje mellom Oslo eller nærskulen. Istadenfor å ta eitt steg fram, tek vi to steg tilbake. Samanslåinga må føre til fleire moglegheiter i fylket, ikkje færre.

Fritt skuleval i heile Vestland vil sørgje for at fleire elevar får gå på nett den skulen dei ønskjer seg, men nett no set fellesnemda sitt fleirtal heile ordninga i spel.

Til toppen