Fylket: – Bakgrunnen for at me har funne i lag, er at me som frivillige kjenner på eit ansvar og ønskjer å bli endå betre på inkludering, seier regionleiar Åge Avedal i 4H Sogn og Fjordane til Nynorsk pressekontor.
Han peikar mellom anna på at det for rundt eitt års tid sidan kom svært mange flyktningar til fylket og at dei fleste kommunane no har teke imot folk som har flykta.
– I tillegg har Sogn og Fjordane frå før mange arbeidsinnvandrarar og asylsøkjarar, seier han.
Kurs og konferanse
Like før jul fekk dei tre organisasjonane 700.000 kroner frå Gjensidigestiftelsen til eit prosjekt dei har kalla "Samspel".
– Pengane skal me bruka til å kursa leiarar i frivillige organisasjonar om korleis dei kan få meir innsikt i ulike kulturar og auka kompetansen om inkludering. Det kan vera alt frå trenarar i fotballag til musikkorps og andre som er i målgruppa, seier han.
Planen er å gjennomføra ti lokale kveldskurs og ein større konferanse i byrjinga av 2018.
Magasin på fleire språk
– I tillegg har me planar å laga eit magasin på ulike språk om heile det frivillige arbeidet i Sogn og Fjordane. Heftet vil også innehalde informasjon om kva frivillig arbeid og dugnad er, og kva moglegheiter som finst for folk som vil vera aktive. Målet er at alle som kjem til fylket skal få dette som ein del av ein velkomstpakke, seier regionsleiaren i 4H.