FRIVILLIGHEIT: Tore Feten vil ha meir tilrettelegging for frivillig arbeid.
FRIVILLIGHEIT: Tore Feten vil ha meir tilrettelegging for frivillig arbeid. (Foto: Arkiv / Privat)

MEININGAR

Frivilligpolitisk plattform for Sogndal kommune

– Me ynskjer at Sogndal kommune skal legge til rette for at frivilligheita får gode vilkår, slik at me saman kan skape gode aktivitetar, skriv Kristin Rundsveen Bøtun og Tore Feten (SP).

Meiningar: Det frivillige arbeidet spelar ei avgjerande rolle når det gjeld å skape eit aktivt og levande lokalsamfunn. Gjennom aktivitetar, samhald og felles opplevingar bidreg frivillige til både auka folkehelse og inkludering. Sogndal kommune er og skal vera eit samfunn der innbyggjarane er opptekne av å samarbeida for å skapa utvikling og framgang både for enkeltmenneske, organisasjonar og verksemder.

Å bidra til utvikling av frivillig sektor er ein viktig del av samfunnsansvaret ein kommune har.

Landet over vert det årleg lagt ned rundt 150.000 årsverk i frivillig arbeid og verdiskapinga er av Statistisk sentralbyrå berekna til å utgjere svimlande 130 milliardar kroner årleg. Over 60% av innbyggarane i Noreg deltek på ein eller annan måte i frivillig arbeid. Dei frivillige bidreg til meirverdi langt utover sjølve aktiviteten i det enkelte lag eller organisasjon.

Deltaking i frivillig arbeid innan idrett, friluftsliv, miljø og kultur fremjar samhald, skapar tilhøyrsle og ikkje minst viktige sosiale møteplassar.

Sogndal kommune har som målsetnad å legge til rette for å auke det frivillige engasjementet og få til eit tettare samarbeid mellom det offentlege og frivilligheita. For å tydeleggjere korleis ein vil løyse dette vedtok kommunestyret i desember 2019 at det skulle utarbeidast ei frivilligpolitisk plattform, og eit utkast til plattform er no klar. Sjølve plattforma skal rullerast kvart fjerde år, medan ei tiltaksliste, som er eitt av vedlegga til plattforma, er tenkt rullert årleg for å gje innspel til budsjettprosessen. Det andre vedlegget er utkast til retningsliner for tildeling av kulturmidlar. Desse bygger i grove trekk på tilsvarande retningsliner frå dei tidlegare kommunane.

– Legg til rette for at frivilligheita får gode vilkår

I arbeidet med utarbeiding av plattforma med vedlegg har dei nedsette råda i kommunen vore involverte. Målsetnaden har vore å få til ei brei forankring i alle aldersgrupper og miljø i heile kommunen. Når frivilligpolitisk plattform no er lagt ut til offentleg høyring har det difor gått ut særskilt invitasjon til lag og organisasjonar i kommunen om å kome med fråsegn. Høyringsfrist er sett til 20. november.

Me ynskjer at Sogndal kommune skal legge til rette for at frivilligheita får gode vilkår, slik at me saman kan skape gode aktivitetar. Me håpar lag, organisasjonar og andre med interesse for det frivillige arbeidet i kommunen nyttar seg av dette høvet til å påverke frivilligpolitikken!

Les òg: Fleire unge flyttar til Sogndal for å spela fotball

Til toppen