Sogndal: Klokka 08.00 fekk politiet melding om ei trafikkulukke på Fjærlandsvegen i nærleiken av Sogndal sentrum. Det var ein front mot front-kollisjon, der totalt tre bilar og seks personar var involvert. Det blei ikkje meldt om personskade, men to av bilane var ikkje køyrbare etter ulukka, meldte politiet på Twitter.

– Tre av dei seks personane som var involvert, blei avhørt. Politiet har no avslutta på staden, seier operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, Tatiana Knappen.
Operasjonsleiaren kan fortelje at politiet har oppretta sak.
Bilane blei fjerna klokka 09.10, og vegen er no open for ferdsel.
Saka vert oppdatert. Har du tips eller bilete frå hendinga? Send på SMS til +4799260416 eller på e-post til tips@porten.no.