I HARDT VÊR: Sogn barnevernet har i det siste vore under Fylkesmannen si lupe. Rita Navarsete i Frp (innfelt) ber om at rådmannen trår til sides medan arbeidet pågår med å få fakta på bordet om kva som har skjedd. Foto: arkiv.
I HARDT VÊR: Sogn barnevernet har i det siste vore under Fylkesmannen si lupe. Rita Navarsete i Frp (innfelt) ber om at rådmannen trår til sides medan arbeidet pågår med å få fakta på bordet om kva som har skjedd. Foto: arkiv.

Frp ber om at rådmannen trår til sides for å få ro i barnevernet

– Når ingenting anna fungerer, så tenkjer me kanskje dette er den enklaste måten å få gjenskapt tilliten til barnevernet på, seier Rita Navarsete i Sogndal Frp.

Sogndal: At rådmannen treng ein pause kom partiet fram til på eit styremøte i går kveld. Oppmodinga er levert i eit brev til ordføraren, der dei viser til dei alvorlege funna i ein nyleg rapport frå Fylkesmannen og ei tragisk hending i februar der eit barn under Sogn barnevern si omsorg vart funnen død i fosterheimen.

Barnevernet har no fått fram til 1. februar med å komme opp med ein forbetringsplan. Navarsete meiner det arbeidet bør skje utan rådmannen si deltaking.

– Dette har pågått over lang tid og er ei belastning for Sogndal kommune, det politiske miljøet og sikkert rådmannen sjølv. Kanskje bør ein setterådmann inn ei tid, så vi får ro i denne saka, seier Rita Navarsete, som er gruppeleiar for partiet i Sogndal.

Les også: Fylkesmannen la fram funn i nytt tilsyn av Sogn barnevern
Les også: Ordføraren ser alvorleg på funna i tilsynet

– Me forventar at det blir teke til følgje

Ho meiner forslaget verken er drastisk, eller eit uttrykk for manglande tillit til eigen rådmann. 

– Vi ber berre om ro, slik alle har bedd om i barnevernet. Når ingenting anna fungerer, så tenkjer me kanskje dette er den enklaste måten å få gjenskapt tilliten til barnevernet på, seier Navarsete.

– Kva reaksjonar forventar de på forslaget?

– Me forventar at det blir teke til følgje. Me meiner dette er ordføraren sitt bord. Som øvste folkevalde er han i sin fullaste rett til å ta stilling til dette.

Ordføraren lovar tydeleg svar

Ordføraren stadfester at han har fått lese brevet, men er knapp i vurderinga av innhaldet.

KLART SVAR: Ordføraren lovar at Frp skal få klart svar, men vil ikkje polemisere via media.
KLART SVAR: Ordføraren lovar at Frp skal få klart svar, men vil ikkje polemisere via media.

– Eg skal svara tydeleg og skikkeleg på brevet. Eg treng tid til å gå gjennom ein del av dei påstandane som står der, seier Aarvoll.

– Kor sannsynleg er det at du vil etterkomme kravet?

– Me politikarane er dei tilsette sin arbeidsgjevar og i arbeidslivet er det visse spelereglar. Så eg ber om forståing for at eg ikkje kan eg gå ut i media og drøfta kva svaret vil bli. Men eg skal svara grundig og godt, seier Aarvoll.

Vi har enno ikkje lukkast i å nå rådmann Jostein Aanestad for ein kommentar.

Til toppen