«Dette er dobbeltspel på høgt nivå, Frp må slutta å innbilla folk at Frp ikkje er ansvarleg for det deira eigen regjering gjer», skriv Liv Signe Navarsete og Aleksander Øren Heen (Sp) i denne kommentaren. Foto: Truls Grane Sylvarnes (Illustrasjon). 
«Dette er dobbeltspel på høgt nivå, Frp må slutta å innbilla folk at Frp ikkje er ansvarleg for det deira eigen regjering gjer», skriv Liv Signe Navarsete og Aleksander Øren Heen (Sp) i denne kommentaren. Foto: Truls Grane Sylvarnes (Illustrasjon). 

MEININGAR

Frp sitt dobbeltspel om DAB 

Representantar frå regjeringspartiet Frp prøver å framstå som dei fremste forkjemparane for å stoppe slukkinga av FM-nettet. 

KOMMENTAR: Senterpartiet finn det merkeleg eit parti sine representantar seier noko i regjering, og noko som stortingsrepresentantar.

Det er Høgre/Frp-regjeringa som no set i gong slukking av FM-nettet. Dersom regjeringa ikkje ynskjer å slukka FM nettet er det ingen som pålegg dei å gjera det, det er nemleg fleirtal i Stortinget dersom regjeringspartia hadde ynskja å stoppa slukkinga av FM-nettet.

Under handsaminga av Senterpartiet sitt forslag om å utsetja slukkinga av DAB stilte tre regjeringsmedlemmar frå Frp (Ketil Solvik-Olsen, Anders Anundsen og Per Sandberg) i Stortinget og forsikra om at slukking ikkje var noko problem, og at dekninga på DAB er god nok.

I handsaming av same sak røystar Frp sine representantar på Stortinget for å stanse slukkingen av FM-nettet, altså mot det deira eigne regjeringsmedlemmer sier!

Dette er dobbeltspel på høgt nivå, Frp må slutta å innbilla folk at Frp ikkje er ansvarleg for det deira eigen regjering gjer. 

Liv Signe Navarsete, Stortingsrepresentant SP
Aleksander Heen, Fylkestingsrepresentant SP 

Til toppen