SLIK: Tunnelen vart stengd grunna bilberging
SLIK: Tunnelen vart stengd grunna bilberging (Foto: Statens vegvesen sitt trafikkamera. )

Slik såg køa ut. No opnar tunnelen for trafikk att

Bil med stans stengde tunnelen.

Sogndal: Klokka 17.04 opna Vegtrafikksentralen Frudalstunnelen for trafikk att.

Frudalstunnelen på riksveg fem stengde i ettermiddag grunna ein bil med stans. 

STENGD: Frudalstunnelen. Foto: Datawrapper

– Bilbergar er i Sogndalsdalen no, så me forventar at han er framme om eit kvarers tid, sa trafikkiperatør Jan Erikstad til Porten.no kvart på fem. 

Ukjend årsak

Erikstad sa vidare at det var ein personbil som fell stans inne i tunnelen. Årsaka kjente han ikkje til. 

– No er det 15 minutt til bergar er på plass, så skal ein arbeide litt på staden før me kan opne, sa Erikstad. 

Han sa at det stod nokre bilar på kvar side av tunnelen, men at det ikkje var meldt om større trafikale problem. 

Til toppen