ORIENTERING: Sandra Opheim held orientering for innsamlingsaksjonen søndag den 23.10.
ORIENTERING: Sandra Opheim held orientering for innsamlingsaksjonen søndag den 23.10.

Frukost og orientering til innsamlinga for Røde Kors

Laurdag den 22.10 var det vennskapsfrukost i samfunnshuset for asylsøkjarane i Årdal.

  • Endret

Frukosten i samfunnshuset på Årdalstangen var det Årdal Røde Kors som inviterte til. Dei har hatt invitasjon til alle dei som bur på Hero fordi dette var retta mot Hero, og det var heile 65 personar som meldte seg på. Frukosten starta 10:30 og varte fram til 12:00.

Frukost for asylsøkjarane og støttande

FRUKOST: Maten vert plassert på eit langbord der alle kunne forsyna seg med mat og drikkevarer. 
FRUKOST: Maten vert plassert på eit langbord der alle kunne forsyna seg med mat og drikkevarer. 

Dei hadde vore så heldige å få besøk av varaordførar Sandra Opheim (MDG) som er leiar for innsamlingsaksjonen søndag den 23.10. Ho hadde og orientert for innsamlingsaksjonen. Dei hadde og med seg ein tolk Tara Yousef Saed som skulle oversetta frå norsk til arabisk slik at alle som var der forstod alt som blei sagt.

Arrangementet hadde vert planlagt i god stund på forhånd. Det vart meldt inn til Røde Kors for omtrent 5-6 veker sidan, og deretter inviterte folket i Røde -Kors organisasjonen Hero til samlinga. Leiar i Røde Kors Årdal Patricia Seglem seier at det er rundt 84 mottak rundt om i landet der det og føregår vennskapsfrukost for asylsøkjarane.

Sponsa av Tine

Alt av varer har ikkje blitt innkjøpt, men dei har fått det tilsendt frå Tine som har sett opp varelister i forhold til tal oppmøtte som dei har fått meldt inn til frukosten. Dette har vore eit kjempeapparat for Tine å organisera detta og få det til seier ho. Dei var til saman 10 stykk som hjalp til med oppsettinga og tilordninga av all mat og pådekkinga.

Artikkelen held fram under bilete 

FORNØYGDE: Arrangørane for samlinga syns det var eit flott oppmøte og håpar alle hadde eit flott opphold.
FORNØYGDE: Arrangørane for samlinga syns det var eit flott oppmøte og håpar alle hadde eit flott opphold.

Dei har og fått god hjelp frå asylsøkjarane til å møta opp til innsamlinga for Røde Kors som dei er svært takknemlege for. 

Til toppen