VIKTIG: Harald Mundal, dagleg leiar for Lærdal Grønt, seier løyvinga av midlar er eit viktig steg mot å kunne realisera fusjon mellom Lærdal Grønt, Innvik fruktlager og Sognefrukt.
VIKTIG: Harald Mundal, dagleg leiar for Lærdal Grønt, seier løyvinga av midlar er eit viktig steg mot å kunne realisera fusjon mellom Lærdal Grønt, Innvik fruktlager og Sognefrukt. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Frukt- og grøntpakkeriet på Håbakken får 24 millionar, dagleg leiar: - Viktig for framgangen

Satsinga med å etablera felles regionalt frukt- og grøntpakkeri i Håbakken i Lærdal er eit steg nærare realisering.

Lærdal: Innovasjon Norge har nemleg vedteke å løyva 6.000.000 i tilskott og 18.000.000 kroner i lån til å etablera felles regionalt frukt- og grøntpakkeri i Håbakken i Lærdal, går det fram av ei pressemelding. 

Bak prosjektet står dei tre verksemdene Lærdal Grønt, Innvik fruktlager og Sognefrukt frå Sogn og Nordfjord. Pakkeriet skal organisera pakking for ei rekkje frukt- og grønsaker, og pakkeriet skal omfatta omlag 200 produsentar.

– Kva betyr denne løyvinga for framgangen i prosjektet? 

– Dette var viktig, det er det ingen tvil om. Det var viktig i forhold til å vedta fusjonen mellom Lærdal Grønt, Innvik fruktlager og Sognefrukt. Det er produsentane som skal bestemma om me fusjonerer, då er god finansiering viktig å ha på plass, seier Harald Mundal til Porten.no. 

  Foto: Arkitektkontoret 4B

Avrøysting i juni

– Kva gjenstår av finansiering? 

– Me har god finansiering på plass no, me jobbar vidare med ein par andre prosjekt også. Me har dialog med banken no, så det gjenstår litt advokatmat, seier Mundal. 

Dei tre verksemdene omfattar omlag 200 produsentar, og det er dei som skal avgjera om det blir fusjon. I juni skal dei røysta, og det må vera fleirtal i både Lærdal, Leikanger og Innvik for at fusjonen skal bli realitet. 

– Kva signal har de fått frå produsentane hittil, er dei positive? 

– Når me får god finansiering ser dei fleste at dette er eit godt alternativ til å halde fram med å produsera frukt og grønt saman. Det er alltid nokon som er negative til forandring, og vil ha det slik det alltid har vore - men me må berre jobba vidare, seier Mundal. 

Ein marknad i vekst 

I meldinga går det fram at marknaden er under stor vekst, og møter utfordringar som krev meir samarbeid mellom dei ulike aktørane.

Løftet med å etablera fellespakkeri i Håbakken skal sikra mottaks- og leveringskapasitet, kvalitet og samtidig også evne og kapasitet til utviklingsarbeid, heiter det. 

I tillegg til å bygge felles sorterings- og pakkeanlegg skal den nye organiseringa arbeide med utvikling av produsentmiljøa, felles produktutvikling og betre utnytting av utsorterte råvarer.

– Me håpar dette bidreg til å utløysa det viktige prosjektet for vekst og verdiskaping innan frukt, bær og grøntsektoren i fylket, seier Jan Gurvin, spesialrådgjevar i Innovasjon Norge. 

Til toppen