SATSAR: Dei tre fruktselskapa Lærdal Grønt, Sognefrukt og Innvik Fruktlager har gått saman om å etablera nytt regionalt pakkeri.
SATSAR: Dei tre fruktselskapa Lærdal Grønt, Sognefrukt og Innvik Fruktlager har gått saman om å etablera nytt regionalt pakkeri. (Foto: Sverre Hjørnevik/Lærdal Grønt)

Frukttrio fekk 15 millionar til nytt regionalt pakkeri

Fylkestinget vedtok å løyve 15 millionar kroner til satsinga under møtet tysdag.

Lærdal: Sognefrukt SA, Innvik Fruktlager SA og Lærdal Grønt SA skal utvikla eit nytt regionalt fruktpakkeri i Lærdal.

Dei har jobba med prosjektet sidan oktober, og snudde seg etterkvart til fylkeskommunen for midlar til finansiering.

Under fylkestinget tysdag fekk dei innvilga ein sum på heile 15 millionar kroner. 

– Me er veldig godt nøgde med bidraget frå fylkeskommunen. Samarbeidet mellom pakkeria har modna i fleire år, og når me no er klare for å ta eit steg vidare på samarbeidet, er ei slik løyving viktig for å kunne realisera det, seier Harald Blaaflat Mundal til Porten.no. 

Han held fram: 

– Det er òg viktig å hugsa at det er over 200 fruktprodusentar i fylket som leverar til dei tre pakkeria, som difor kjem til å nyte godt av desse midlane. 

Tre hovudutfordringar

I meldinga skriv selskapa at dei ønskjer aktivitet på pakkeria på dei tre lokasjonane: Sognefrukt på Leikanger, Innvik Fruktlager i Stryn og Lærdal Grønt i Lærdal. Men innhaldet vil vera litt annleis enn det som var tenkt i førsteomgang. 

Årsakene til det er:

Det vert planta ut mykje frukt her i fylket, og me har ikkje kapasitet til å pakke og få det framtidige volumet raskt nok ut i marknaden med dagens struktur, utan å gjere større investeringar. Alle pakkeria vil få problem med kapasiteten, også som følgje av større krav om fleksibilitet og ulike emballasjetypar.

– Me har for stor risiko i sesong med dagens struktur med tre små organisasjonar. Me er for sårbare for sjukdom på nøkkelressursar i sesongen, og treng ei større grunnbemanning enn i dag. Dette kan me få til med å slå saman nokre av funksjonane våre.

– Det er eit uttalt mål om ein 20% vekst i konsumet av frukt og grønt her til lands, og Gartnerhallen har eit mål om 150%vekst i verdiskapinga på frukt og grønt frå 2016 til 2030.Me vil ha vår del av denne veksten, og treng difor eit større felles pakkeri med kapasitet til å arbeide meir med produktutvikling og merkevarebygging.

– Produktutvikling på utsorterte varer for å redusere matsvinn vil òg vere viktig.I den modellen me arbeidar me no er det er lagt opp til å ha aktivitet i Leikanger og i Innvik, i tillegg til eit nytt regionalt pakkeri i Lærdal. Prosjektet har ikkje konkludert med endeleg modellog innhald på dei ulike mottaka.

Til toppen