NESTEN: Benedikt Arsenault vart ÅTIL/Jotun G14 sin toppscorar med åtte mål, men for han og laget vart det berre nesten i seriefinalen mot Florø. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
NESTEN: Benedikt Arsenault vart ÅTIL/Jotun G14 sin toppscorar med åtte mål, men for han og laget vart det berre nesten i seriefinalen mot Florø. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Frustrerande tap i seriefinalen

Men ÅTIL/Jotun sine Gutar 14 kan framleis bli fylkesmeistrar. 

ÅTIL/Jotun G14 – Florø G14 16-17

Årdal: Det blei tap for ÅTIL/Jotun G14 i den siste seriekampen for sesongen då Florø besøkte Årdalshallen. Med siger ville årdølene sikra seg fylkesmeistertittelen, men no er dei avhengig av at resultata går deira veg neste helg.

Etter å ha hatt full kontroll i 1. omgang med mykje solid angrepsspel og tomålsleiing 11-9 til pause, var det langt tøffare 2. omgang.

– Eg er litt småfrustrert og skuffa over å  tape fordi det var ingen grunn til at me skulle tape denne kampen. Me hadde kontroll, men så skjer det ein del ting i 2. omgang som gjer at me går ut av rutine og blir oppkava, seier lagets trenar Olafur Sveinsson.

Mista fokus

I det som var tjue svært spennande minutt fulgte laga kvarandre tett. I enkelte situasjonar mista spelarane fokuset, seier trenaren, som ikkje var imponert over dagens dommar.

Artikkelen held fram under biletet.

MISTA FOKUS: Etter ein solid 1. omgang byrja fokuset å gleppe i andre halvdel av kampen. Olafur Sveinsson tar her timeout med gutane.
MISTA FOKUS: Etter ein solid 1. omgang byrja fokuset å gleppe i andre halvdel av kampen. Olafur Sveinsson tar her timeout med gutane.

– Eg er også litt småirritert desse fordelblåsingane gjennom heile kampen. Det er ein del overtramp frå motstandar som blir oversett. Det blir merkbart for gutane på bana, som ein må bruke ekstra mykje energi på å skru ned temperamentet til, seier islendingen.

ÅTIL/Jotun G14 tronar framleis øvst på tabellen, men har berre eitt poeng ned til Gloppen på 2. plass. Dersom sistnemnde slår Stryn neste helg, vil dei kunne kalle seg fylkesmeister i staden. 

– Unik prestasjon

Uansett utfall er dei unge gutane frå Årdal, som ikkje spelte handball førre sesong, vidare til finalespel mot dei to beste laga frå Hordaland. Dei kampane skal spelast i Førde seinare denne månaden.

– Det er ingen tvil om at dette er ein stor prestasjon av gutane. Det er rett og slett unikt, meiner trenaren, som trur laget har gode sjansar i Førde.

– Eg ser ikkje vekk frå at me kan reise derfrå med ein pokal eller medalje. To av dei tre laga me møter skal me klare å spele jamnt mot eller slå, og så er det sannsynlegvis eit lag som blir suverent, og det er Viking, spår Sveinsson. 

Til toppen