KLATREULUKKE: Det var fredag at ein mann i 20-åra fall i ei klatreulukke ved Jutlamannen i Lærdal. Foto: Eivind M. Øren.
KLATREULUKKE: Det var fredag at ein mann i 20-åra fall i ei klatreulukke ved Jutlamannen i Lærdal. Foto: Eivind M. Øren.

Frustrert over at Røde Kors ikkje vart varsla før ved klatreulukka

Frantz Henriksen i Lærdal Røde Kors er frustrert over at dei ikkje vart kalla ut før då ein mann i 20-åra fall stygt ved Jutlamannen i Lærdal.

Det var like etter klokka 17.00 fredag at politiet fekk melding om ulukka. Alle naudetatane og eit Seaking-helikopter vart varsla, men helikopteret var oppteken med eit anna oppdrag. 

Først to timar etter at ulukka fann stad, rundt klokka 19.00, blei hjelpekorpset i Lærdal kalla ut. Henriksen er frustrert over at det tok så lang tid og meiner Lærdal Røde Kors burde ha blitt kalla ut med det same ulukka vart meldt til politiet.

– Eg er frustrert over at me ikkje blir varsla fordi det er mange ting me har mange års erfaring på, blant anna å komma seg opp alle stiane fordi me er lokalkjende i bygda.

– Når me har eit slikt tilfelle, veit me at eit helikopter skal plukka han opp. Det er skog, og me har verktøy til å kappe skogen vekk slik at hjelpemannen kan komma raskt utan å rota i tretoppar, seier han til Porten.no.

Vore på plass før

Klatraren som fall hadde to kompisar med seg, og dei to tok vare på mannen medan dei venta på hjelp. 

Henriksen fortel vidare at dersom dei hadde blitt varsla samstundes med politiet, ville dei ha vore på plass hjå den skadde til 18.00.

– Då ville me ha vore hjå pasienten med ullteppe og anna utstyr, og derfrå ville me hatt kommunikasjon med helikopteret for å få dei på rett plass. Det er litt annleis når me har vore borti dette før, legg han til.

Ikkje så enkelt som ein trudde

Kjetil Drange i Sogn og Fjordane politidristrikt, som leia operasjonen i Lærdal, forklarar beslutninga slik.

– Dette var eit relativt enkelt oppdrag med ein skadd person som me veit kor ligg. At tre kunne vera ei hindring høyrte eg ingenting om, og då var det eigentleg berre å gå inn, senka vaier, opp og ut, byrjar han til Porten.no.

– Eg tenkte at det ville gå fortare enn ved å mobilisera, men det var ikkje så enkelt, og det tok tid før me fekk opplysningar.

– Enkel tur

Problemet var at helikopteret som skulle komma, var oppteken på eit anna oppdrag. I den samanheng blei to erfarne klatarar frå Sogndal bedt om å komma. Røde Kors fekk ikkje lov til å gå opp.

– Dei påstod at det måtte ei klatregruppe opp dit. Det er jo ein enkel tur, og ein trengte ikkje klatreutstyr for å koma seg bort til pasienten. Politiet hadde fått beskjed av klatrekameratane til den skadde at ein trengte det, men dei var heller ikkje kjend i området, held Henriksen fram.

– Me fekk informasjon om at det var farleg terreng der oppe, og då vil me bruka folk som har kvalifikasjonar til å bevega seg der, svarar Drange og fortel vidare at Røde Kors blei varsla fordi det låg an til at helikopteret ikkje kom.

– Det er lett å vera etterpåklok, og me burde ta til oss dette. Eg kan ikkje seia at det ikkje er forbetringspotensiale. Det trur eg det er i dei fleste situasjonar.

– Det er klart at Røde Kors er ei nytte med deira lokalkunnskapar, og det er ikkje vanskeleg å sjå dette som eit godt argument, avsluttar Drange.

Til toppen