TIL ÅRDAL: Fredag gjestar journalist og forfattar Sigri Sandberg Årdal bibliotek. Ho er aktuell med boka «Frykt og jubel i Jotunheimen. Forteljingar om folk og fjell». Foto: Birger Amundsen.
TIL ÅRDAL: Fredag gjestar journalist og forfattar Sigri Sandberg Årdal bibliotek. Ho er aktuell med boka «Frykt og jubel i Jotunheimen. Forteljingar om folk og fjell». Foto: Birger Amundsen.

Frykt og jubel i Jotunheimen på Årdal bibliotek

Fredag gjestar Sigri Sandberg biblioteket i Årdal, der ho skal fortelje om si nyaste bok. 

Årdal: Forfattaren og journalisten er aktuell med boka «Frykt og jubel i Jotunheimen. Forteljingar om folk og fjell». Fredag kjem ho til biblioteket i Årdal. 

I boka møter ein folk og fjell vest i Jotunheimen, og her kjem det fram historier frå eit av Noregs vakraste og farlegaste fjellområde. 

JOTNEKVINNER: I boka går ho langt tilbake i fjellhistoria og finn reinjegerar, mystiske jotnekvinner, budeier og ei av Noreg sine fremste klatrarar mot slutten av 1800-talet, Therese Bertheau.
JOTNEKVINNER: I boka går ho langt tilbake i fjellhistoria og finn reinjegerar, mystiske jotnekvinner, budeier og ei av Noreg sine fremste klatrarar mot slutten av 1800-talet, Therese Bertheau.

Det er denne verda Sandberg vil formidle på turneen, og ho ville vite kven som har levd i, av og med desse fjella. I boka går ho langt tilbake i fjellhistoria og finn reinjegerar, mystiske jotnekvinner, budeier og ei av Noreg sine fremste klatrarar mot slutten av 1800-talet, Therese Bertheau.

Det er ikkje berre gamle historier å lese om i boka, for ho har sjølv vore med moderne fjellfolk på tur og skriv såleis om sine eigne opplevingar òg. 

Sandberg vart kjent med fjelldronninga på Turtagrø, Astri Drægni, som ho òg har dedisert boka til på denne måten: «til Astri D., den raude tråden».

Sigri Sandberg er journalist og forfattar og har skrive fleire bøker mellom anna i samarbeid med Cecilie Skog.

Til toppen