USIKKER FRAMTID: Vanja Thomassen Øren (t.v) og Karianne Molland Sanden (t.h) tykkjer det er frustrerande at dei ikkje får meir informasjon frå Jotun idrettslag. Foto: Sunniva Øvstetun
USIKKER FRAMTID: Vanja Thomassen Øren (t.v) og Karianne Molland Sanden (t.h) tykkjer det er frustrerande at dei ikkje får meir informasjon frå Jotun idrettslag. Foto: Sunniva Øvstetun

Fryktar å stå utan speletilbod

Med berre litt over ein månad att før handballsesongen byrjar, veit spelarane som har spelt på Jotun/Årdalstangen damelag framleis ikkje om dei har eit lag å spele på komande sesong.

Årdal: Karianne Molland Sanden og Vanja Thomassen Øren spelte båe på damelaget til Jotun/Årdalstangen fram til vår, men no går dei ei usikker tid i møte. Dei ynskjer båe å halde fram med handball, men fryktar at dei ikkje lenger har eit lag å spele på.

Då førre sesong vart avslutta i mai, fekk spelarane ein liten pause frå handballen. Dei skulle få beskjed når treningane starta opp igjen, samt informasjon om treningstider i sommar med tanke på sesongoppkøyring.

– Det er utruleg frustrerande at me står her utan noko form for informasjon. Me er allereie snart komne til august, og sesongstart er rett rundt hjørna, fortel Øren.

Ventar på informasjon
Tidleg i juni fekk spelarane på damelaget ein uventa beskjed. Dei vart informert om stoda i Jotun idrettslag,  om mangelen på trenar til damelaget, samt mangelen på leiar, nestleiar og sportsleg leiar i Jotun sitt handballstyre. Spelarane vart lova informasjon så fort som mogleg, men Sanden fortel at spelarane per dags dato har framleis ikkje har høyrt noko.

– Me har veldig lyst å halde fram med handball, men no står me her og me veit ingenting. Me veit verken om me har trenar eller lag å spele på, og det er ikkje lenge att til sesongstart.

Dei to jentene fortel at mangelen på informasjon påverkar motivasjonen deira til å halde fram på damelaget.

– Me kjenner oss kanskje litt gløymde, og det kan nesten verke som om styret ikkje bryr seg om oss damespelarar. Det kjennest også urettferdig at administrative problem innanfor Jotun idrettslag skal gå ut over oss spelarane, legg Øren til.

Tenker på framtida
Både Øren og Sanden tek til på avgangsåret sitt ved Årdal vidaregåande skule til hausten, og dei har såleis berre eitt år att i bygda båe to. Ein skulle difor tru at dette eine året, potensielt utan handball, ikkje har så mykje å seie for jentene. Men Sanden fortel at ho tenkjer heilt annleis.

– Eg meiner det er viktig å oppretthalde tilbodet om damelag, ikkje berre for min eigen del, men også med tanke på dei yngre kulla som kjem etter meg. Det er veldig synd om dette skal bli byrjinga på slutten på Jotun damelag.  

Øren nikkar samtykkande til det Sanden seier, og legg til at ho diverre har vore i liknande situasjon tidlegare. Øren var tidlegare aktiv spelar på Jotun sitt damelag i fotball, men dette tilbodet eksisterer ikkje i dag. Øren har difor sett seg nøydd til å melde overgang til Lærdal idrettslag for å halde fram med fotball.

– Dersom Jotun ikkje har eit handballtilbod til jentespelarar etter 16-årslaget vert årdøler nøydd til å spele anten for Aurland eller Sogndal. For dei som berre ynskjer å spele for å ha det morosamt trur eg dette alternativet vert uaktuelt.

Vonar at alt ordnar seg
Øren fortel om eit samansveisa damelag med gode haldningar og høg motivasjonsfaktor i laget. Båe jentene vonar at alt skal ordne seg snarast mogleg, sånn at dei får halde fram med sporten dei er så glad i.

– Det er verkeleg synd dersom dette er byrjinga på slutten for det siste damelaget i bygda. Kva skal ein tenke om resten av idretten i bygda då?

Jobbar med saka

Arnt Moen, tidlegare nestleiar i Jotun idrettslag, fortel til Porten.no at det vert jobba hardt med å få dei ulike verva på plass.

Han fortel at dette er utfordrande og tidkrevjande arbeid, men at idrettslaget vonar å ha alt på plass til midten av august. Då er det berre få veker til sesongstart. 

Til toppen