– Sogn og Fjordane har ein reiselivsplan som trekkjer fram Jostedalsbreen med brearmane som ein av dei viktigaste attraksjonane i fylket, saman med fjordane. Turistnæringa kan tape stort om klimaendringane og den store nedsmeltinga av isbreane held fram, seier Sveinung Rotevatn.
– Sogn og Fjordane har ein reiselivsplan som trekkjer fram Jostedalsbreen med brearmane som ein av dei viktigaste attraksjonane i fylket, saman med fjordane. Turistnæringa kan tape stort om klimaendringane og den store nedsmeltinga av isbreane held fram, seier Sveinung Rotevatn. (Bilde: Flickr/dconvertini)

Fryktar bresmeltinga kan øydeleggje for lokalt reiseliv

– Turistnæringa kan tape stort om klimaendringane og den store nedsmeltinga av isbreane held fram, seier Sveinung Rotevatn (V).

Luster: – Den voldsame bresmeltinga uroar meg. Den kan øydelegge mykje for lokalt reiseliv og er eit klart teikn på klimaendringane me står ovanfor, seier Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn frå Venstre i ei pressemelding.

Tidlegare denne veka skreiv Sogn Avis at breturar ved Nigardsbreen kan vere historie dersom bresmeltinga held fram som no. 

Ein viktig attraksjon

Steinar Bruheim, dagleg leiar i Jostedalen Breførarlag, har no invitert med seg Sveinung Rotevatn på ekskursjon til Nigardsbreen i Jostedalen tysdag.

– Sogn og Fjordane har ein reiselivsplan som trekkjer fram Jostedalsbreen med brearmane som ein av dei viktigaste attraksjonane i fylket, saman med fjordane. Turistnæringa kan tape stort om klimaendringane og den store nedsmeltinga av isbreane held fram, seier Rotevatn og held fram:

– Det som skremmer meg mest er at dette er eit teikn på kva som er i ferd med å skje i verda. Nedsmeltinga av innlandsbreane er berre småtteri samanlikna med polisane i Arktis og Antarktis.

Blir med på tur

Tysdag skal stortingsrepresentanten få oppleve smeltinga med eigne augo. Saman med Steinar Bruheim frå Jostedalen breførarlag og medlemmar frå Venstre sine lokallag i Indre Sogn vil han vere med på ekskursjon til breen. 

– Klimaendringane er vår tids største utfordring, og kan endre verda fundamentalt gjennom ekstremvêr, ras, tørke, endra havstraumar og havstiging. Dette kjenner folk på kroppen allereie, anten det gjeld smelting av isbrear eller store øydeleggingar slik vi såg i Utvik og på Breim tidlegare i sommar.

Til toppen