UROA: Kutt i DSB vil òg få følgjer for Sivilforsvaret, som for tida gjennomgår ei omfattande reorganisering. Den lokale distriktssjef Stein Morten Rønningen i Sivilforsvaret er uroa. Foto: arkiv.
UROA: Kutt i DSB vil òg få følgjer for Sivilforsvaret, som for tida gjennomgår ei omfattande reorganisering. Den lokale distriktssjef Stein Morten Rønningen i Sivilforsvaret er uroa. Foto: arkiv.

Fryktar DSB-kutt vil råke Sivilforsvaret

– Vi gjer så godt vi kan og vi gjer ein god jobb, men vi kan ikkje halde på slik i lengda, seier distriktssjef Stein Morten Rønningen i Sivilforsvaret.

Sogndal: DSB-direktør Cecilie Daae har ifølge VG varsla justisminister Per-Willy Amunden (Frp) om at ho kutte i den sivile beredskapen som følgje av manglande budsjett.

– Vi er i ein svært alvorlig økonomisk situasjon. Eg har fått ei rekkje oppdrag eg ikkje kan gjennomføre, seier Daae til VG.

Avisa skriv at regjeringa dei siste tre åra har kutta til saman 55,5 million kroner, noko òg Sivilforsvaret har fått merke.

Les også: Han fryktar for beredskapen i distrikta
Les også: Uttrykte uro for kutt i Sivilforsvaret med SP-leiaren

Distriktssjef Stein Morten Rønningen i Sivilforsvaret deler uroa til DSB-sjefen.

– Det er urovekkande at det ikkje blir satsa nok på den lokale og sivile beredskapen vår, seier han.

– Vi gjer så godt vi kan og vi gjer ein god jobb, men vi kan ikkje halde på slik i lengda. Vi har ikkje nok pengar til å ivareta det oppdraget vi har, seier Rønningen.

Sivilforsvaret er i ferd med å gjennomgå ei omfattande reorganisering. Rønningen er einig i mange av grepa som har blitt føreslått, men er samstundes uroa for auka sentralisering. Mellom anna er dei seks stillingane til Sivilforsvaret i Sogndal under press.

– Alt er avhengig av om det er politisk vilje til å støtte opp om den sivile beredskapen. Vi er ein del av DSB og får kjenne på at det er lite pengar i systemet vårt, seier Rønningen.

Justisminister Per-Willy Amundsen er tydeleg på at DSB har dei same krava til effektivitet som andre offentlege etatar, noko som nødvendigvis fører til strammare budsjett.

 – Justisdepartementet vil i den vidare dialogen med DSB forsøke å tilpasse oppdraget til dei forventa rammevilkåra på ein måte som framleis bidreg til eit godt samfunnstryggleiksarbeid, skriv Amundsen i ein e-post til VG.

Til toppen