STENGER VEGEN: Vegvesenet har valt å stenga E16 ved Nærøydalselva bru, på strekninga mellom Voss og Lærdal, grunna rasfare.
STENGER VEGEN: Vegvesenet har valt å stenga E16 ved Nærøydalselva bru, på strekninga mellom Voss og Lærdal, grunna rasfare. (Foto: Statens Vegvesen)

Fryktar fleire ras grunna venta nedbør - stenger vegen

Måndag morgon gjekk det eit stort ras på E16 ved Nærøydalselva bru mellom Voss og Aurland.

Aurland: Vegen vart stengt medan entreprenørar rydda vekk dei store steinane. Klokka 13:37 vart vegen opna att

Like etter klokka 16 melder Vegvesenet at vegen vert stengt natt til onsdag. Dette fordi det er venta store mengder nedbør tysdag, går det fram av ei pressemelding.

Geolog har vore på staden og sjekka fjellsida etter raset måndag.

– Store steinmassar la seg i fjellsida, og med så mykje regn i vente, er vi redde for at meir stein skal kome ned, seier Rune Dvergsdal, byggeleiar i Statens vegvesen.

Vegen blir stengt tysdag 10.desember frå klokka 22:00, og etter planen vil han bli opna att onsdag 11.desembe klokka 06:00.

Anbefalt omkøyring er via riksveg 13 og riksveg 7.

Til toppen