FRYKTAR ULUKKER: Talet på dødsulukker er lik null i fylket så langt i år, men Trygg Trafikk fryktar det vil endra seg i julebordsesongen. Foto: Arkiv. 
FRYKTAR ULUKKER: Talet på dødsulukker er lik null i fylket så langt i år, men Trygg Trafikk fryktar det vil endra seg i julebordsesongen. Foto: Arkiv. 

Fryktar fleire ulukker i julebordsesongen

Fram til no har 140 personar omkomme i trafikken, men i Sogn og Fjordane er det talet framleis null. Det kan fort endra seg i julebordsesongen.

Tal som Trygg Trafikk presenterer tysdag viser at det framleis er ingen omkomne i trafikken i Sogn og Fjordane. 

Dei same tala fortel også at for dei fem siste åra har køyring under påverknad av rus vore ei medivirkande årsak til 20 prosent av dødsulukkene i trafikken.

– Lat bilen stå

November og desember er høgsesong for festar og samankomstar med vener og kollega, og direktør Jan Johansen i Trygg Trafikk har ein klart bodskap.

– Rådet er klart: Lat bilen stå etter festen og dagen derpå, seier han.

– Viss du ikkje er edru, aukar risikoen for å havna i ei ulukke. Mange undervurderer kor lang tid det tar å bli kvitt promille. Dermed køyrer dei rusa utan å vera klar over det.

Økonomisk ruinert

Ifølgje Folkehelseinstituttet køyrer 1,8 prosent av oss i rusa tilstand. Det vil seia 126 000 daglege turar der føraren er påvirka. 

Rådet er klart: Lat bilen stå etter festen og dagen derpå.

– Blir du involvert i ei alvorleg ulukke i påverka tilstand, kan kostnadene bli store. Både fysisk, psykisk og økonomisk.

– Du kan bli økonomisk ruinert ved å måtta betala for skadar som du har påført andre menneske og køyretøy, advarar direktøren.

Til toppen