PILOT: Teknologien som har blitt testa fram på forskingssenteret til Hydro i Årdal skal produserast i storskala på anlegget på Karmøy. 
PILOT: Teknologien som har blitt testa fram på forskingssenteret til Hydro i Årdal skal produserast i storskala på anlegget på Karmøy. 

Fryktar for framtida til forskingssenteret

Årdalpolitikaren Hilmar Høl (Ap) er skuffa over at Hydro bestemte seg for å køyre pilotprosjekt på Karmøy og ikkje i Årdal eller Høyanger. Samstundes er han bekymra over framtida til forskingssenteret i Årdal. 

- Hydro er viktig for miljøet i Årdal og Høyanger. Vi skulle helst sett at dette prosjektet vart verande i Sogn, då det er nettopp her forskninga for prosjektet har vore, seier Høl. 

I februar fatta Hydro ei formell byggjebeslutning for den planlagte, fullskala teknologipiloten til 4,3 milliardar kroner på Karmøy.

Les også: Hydro byggjer pilotanlegg på Karmøy

Venta lenge på investeringar 

Den aller siste byggebeslutninga om å starte pilotprosjekt på Karmøy vart teken i februar i år. Allereie i fjor vår vart det sendt signal om at prosjektet kom til å bli starta opp der, og bygginga av piloten starta då opp. 

- Det er både skuffande og overraskande. Vi har venta lenge på nye investeringar i Årdal, men slik det ser ut no, kjem ikkje Hydro til å rusta opp på anlegget i Årdal, seier Høl. 

Kommunikasjonssjef i Hydro, Halvor Molland, seier til Porten.no at selskapet gjer betydelege vedlikehaldsinvesteringar på alle anlegga deira kvart år. 

- Eg har forståing for at dette kom som ein skuffelse for Årdal, men det er ei totalvurdering frå vår side. Sjølv om mange av anlegga våre er fleire tiår gamle, Høyanger feira nyleg 100 år, så brukar vi mykje pengar på å halda dei ved like,  seier han.

Fryktar for framtida 

Høl meiner at det mest lønsamme hadde vore om dei hadde hatt pilotprosjektet i Årdal og Høyanger. 

- I Årdal har ein tilgang på kraft og alt anna er allereie på plass. Overskotet av kraft i desse to kommunane kunne blitt brukt i det nye prosjektet. Dette vart bestemt for lenge sidan, men vi har prøvd å halda oss å øyrene for at det skulle komma ei endring. På Karmøy må dei bygga alt på nytt, seier han. 

Hydro har hatt ein lang prosess med å byggja ut pilotanlegget. Bakgrunnen for prosjektet er klimateknolgifondet som Enova styrer. Det er nokre år sidan vi sikta inn Karmøy som staden for å byggja ut dette prosjektet.

- Det vil uansett ha positive ringverknadar for alle Hydro sine anlegg, også Årdal, seier Molland. 

Ap-politikaren er redd for at konsekvensane vil bli at alt av forskning vil bli flytta vekk frå Årdal.

- Vi er redde for at alt av forskninga skal bli flytta vekk frå Årdal. Vi er på vakt for kva som vil skje med forskingssenteret til Hydro i Årdal, seier Høl. 

Teknologien som skal brukast på Karmøy har vore utvikla på teknologisenteret i Årdal. Det er i alt seks celler som har gått over i lengre tid på Hydro i Årdal. Denne teknologien skal no vertifiserast i industriskala på Karmøy. 

- Seinare kan vi bruke element frå dette pilotprosjektet på andre anlegg, seier Molland. 

Til toppen