VERNA: Helse Førde må uansett halde bygningane på Tronvik vedlike fordi dei er verna, og kan like gjerne då oppretthalde eit tilbod der, meiner ordførar i Høyanger, Petter Sortland (Ap).
VERNA: Helse Førde må uansett halde bygningane på Tronvik vedlike fordi dei er verna, og kan like gjerne då oppretthalde eit tilbod der, meiner ordførar i Høyanger, Petter Sortland (Ap). (Foto: Vilde Grimelid Oppedal/arkivfoto)

Fryktar for framtida til Tronvik – krev samarbeid frå Helse Førde

Både Høyanger kommune og Sogn regionråd er uroa for den psykiatriske klinikken på Tronvik når psykiatrien skal samlast i Førde.

Høyanger: I brev til Helse Førde og Helse Vest skriv både Sogn regionråd og Høyanger kommune, ved ordførar Petter Sortland (Ap), at dei fryktar for framtida til den psykiatriske klinikken på Tronvik. 

I løpet av første halvår 2021 planleggjer Helse Førde å samle all aktiviteten innan psykiatri i Førde. Den distriktspsykiatriske avdelinga (DPS) vil då blir flytta frå Tronvik på Kyrkjebø til Førde. Kring halvparten av dei 60 tilsette vil vere med på flyttelasset, ifølgje brevet frå Sortland. 

– Høyanger kommune si otte er at Tronvik etter flyttinga av DPS vert ein så «marginalisert» institusjon at også rusposten vert lagt ned, skriv Sortland. 

Han fryktar også at dette vil gjere at felles- og støttefunksjonar som i dag ligg på Tronvik vil vere truga. 

– Viktig insitusjon

Både Sortland og Sogn regionråd viser til at Tronvik er ein viktig institusjon i regionen og framleis ein stor arbeidsplass. Dei siste åra har Tronvik spesialisert seg innan rusbehandling og rehabilitering, og har eit godt omdømme innan dette, skriv regionrådet. 

– Det ligg eit stort unytta potensiale i Tronvik som institusjon. Tronvik ligg i rolege og naturskjønne omgjevnader med tenlege bygningar som Helse Førde likevel må halde ved like etter pålegg frå nasjonale vernestyresmakter, skriv Sortland. 

Han meiner det difor må vere ein vinn-vinn-situasjon å byggje opp auka kapasitet for rusbehandling på Tronvik. 

Krev samarbeid

Både regionrådet og Sortland krev at Helse Førde jobbar aktivt saman med dei, og med Helse Vest og Helse Bergen, for å styrke og videreutvikle Tronvik som behandlingsinstitusjon. 

Sortland inviterer også til synfaring på Tronvik for å drøfte saka nærare. 

Både ordføraren og regionrådet viser elles til at Tronvik ligg sentralt til i Vestland, med nærleik til både Førde og Bergen, og at talet på pasientar synest å dere aukande, både på lokalt, regionalt og nasjonalt plan. 

Til toppen