LIGG HER: Diagnosen er enno ikkje stadfesta, men pasienten er alvorleg sjuk og prøver er sende til Sverige.
LIGG HER: Diagnosen er enno ikkje stadfesta, men pasienten er alvorleg sjuk og prøver er sende til Sverige. (Foto: Helse Førde)

Fryktar første rabiessmitta  i Norge sidan 1815

Sjukdomen er nesten alltid dødeleg om du ikkje får behandling i tide.

Førde: I ei pressemelding fredag skriv Helse Førde at dei har lagt inn ein pasient ved sentralsjukehuset som dei mistenker kan vera smitta av rabies.

Vedkommande vart biten av ein hund under ein ferietur i Asia for vel to månader sidan, og har gradvis vorten dårlegare.

Etter å ha blitt kjent med biteepisoden, tok sjukehuset torsdag prøver og sende til analyse i Sverige. Svaret er venta tidlegast søndag.

– Rabies er ein uhyre sjeldan sjukdom i Norge. Om dette er rabies, er det første tilfellet innanlands sidan 1815, seier fagdirektør i Helse Førde, Trine Hunskår Vingsnes.

Les óg: Aurland er ikkje åleine om harepestutbrotet 

Dårlege odds

Sjukdomen er nær sagt alltid dødeleg om ikkje personen som er smitta får vaksine før dei første symptoma dukkar opp. Den amerikanske jenta Jeanna Giese vart i 2004 den første kjend pasienten som likevel greidde å overleva.

Fagdirektøren vil ikkje seia kva metodar dei nyttar for å få pasienten frisk, anna enn dei er opne for ulike scenario.

– Diagnosen er enno ikkje stadfesta, men pasienten er alvorleg sjuk og får intensiv behandling, seier ho.

Rår folk søka rask hjelp

Det er kjent at andre personar i reisefølget óg var i kontakt med den aktuelle hunden. Smittevernet i deira heimkommunar er varsla. 

– I område med rabies bør personar som har blitt bite av hund eller andre dyr så raskt som mogleg ta kontakt med lege for råd og vaksine, seier overlege Siri Feruglio ved Folkehelseinstituttet i ei pressemelding på deira heimsider.

Det er ikkje er rapportert at rabies smittar mellom menneske.

Til toppen