Sogndal: Fastbuande på Fimreite er kritiske til planane om å bygga 15 hytter i den vesle grenda, eit tal dei meiner er alt for høgt. Før sist kommunestyre skreiv 12 av dei til politikarane, og oppmoda dei om å ta omsyn til innvendingane deira.

Fryktar idyllen på Fimreite kan slå sprekker av hytteplanar
Lokalbefolkninga opplever at innvendingane mot hytteutbygging på Fimreite ikkje er blitt teke omsyn til. Ordføraren i Sogndal meiner at reguleringsplanen er grundig bearbeidd både administrativt og politisk.