DYR: Ambulansetenesta i fylket er for dyr i følgje Helse Førde. FFO Sogn og Fjordane meiner det blir feil å seia at denne tenesta skal vera økonomisk berekraftig. Arkivfoto: Halvor Farsund Storvik 
DYR: Ambulansetenesta i fylket er for dyr i følgje Helse Førde. FFO Sogn og Fjordane meiner det blir feil å seia at denne tenesta skal vera økonomisk berekraftig. Arkivfoto: Halvor Farsund Storvik 

Fryktar kronikarar blir salderingspost

FFO Sogn og Fjordane ser med stor bekymring på at utgiftsvekst innan ambulansetenesta i fylket kan gå på bekostning av kronikarar.

 – Me registrerer med sterk uro at kronikarane nok ein gong vert trekt fram som ein salderingspost når det kjem til fordelinga av ressursar innan helse. Me kan ikkje sjå nokon meining i, at ei kostbar ambulanseteneste skal gå på bekostning av eit tilfredsstillande og godt tilbod til våre brukarar, skriv Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon FFO Sogn og Fjordane i ei pressemelding.

Nye krav og strengare arbeidstidsordningar har ført til titals fleire tilsette i ambulansetenesta dei seinare åra, likevel er det krevjande å rekruttere til ambulansestasjonar som har få oppdrag, skreiv NRK Sogn og Fjordane førre veke.  

Vidare at administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, er uroleg for at beredskap og nye krav og forventningar i for stor grad bind opp ressursar, som kunne vore brukte på til dømes kronikarar.

– Skal ei ambulanseteneste vera økonomisk berekraftig?

– Vi brukar mykje ressursar på beredskap i Sogn og Fjordane, og det har auka mykje dei siste åra. Vi kan ikkje kome i ein situasjon der ein brukar ein uforholdsmessig stor del på beredskap, slik at det går ut over andre tenester, sa Bolstad til NRK.

Han meiner godt utbygd luftambulanse i fylket vil kunne forsvara kutt i talet på ambulansestasjonar, ettersom han meiner ambulansetenesta ikkje er økonbomisk bêrekraftig. FFO Sogn og Fjordane stussar over argumentasjonen.

– Me må nok også få stille spørsmålet til Jon Bolstad om kva han meiner med at ambulansetenesta skal vere økonomisk berekraftig? I vårt fylke er det geografiske og klimatiske utfordringar som vil spele inn på bruk av luftambulansen. Difor kan ein ikkje påstå at ei godt utvikla luftambulanseteneste kan dekke behovet for naudhjelp ute i distriktet.

— Kva med responstida?

Det er i dag i 21 ambulansestasjonar i fylket. Helse Førde har freista å kutta i talet på stasjonar før, men det gjekk ikkje gjennom styret. No kan ein ny runde bli aktuell.

 – I følgje stortinget er det ei anbefaling for responstid på tjuefem minuttar ute i distriktet. Det ville vere interessant å høyre korleis Helse Førde vil kunne halde seg til denne anbefalinga, dersom dei no legg ned nokre av dei ambulansestasjonane som eksisterer per i dag, avsluttar FFO Sogn og Fjordane.

Til toppen