UROA: Ordførar på Leikanger, Jon Håkon Odd (Ap), er uroa for fordelinga av leiarstillingane i Vestland.
UROA: Ordførar på Leikanger, Jon Håkon Odd (Ap), er uroa for fordelinga av leiarstillingane i Vestland. (Foto: Halvor Farsund Storvik/arkiv)

Fryktar sentralisering av leiinga i nye Vestland: – Sogn vil stå att med få stillingar

Ordførar på Leikanger, Jon Håkon Odd (Ap), er uroa for at rollefordelinga i Vestland skal bli meir skeivfordelt framover.

Indre Sogn: Ei undersøking NRK har gjort, syner at 35 av 52 leiarstillingar så langt er lagt til Bergen og Hordaland framfor fylkessamanslåinga. 

Av leiarstillingane, lyst ut både internt og eksternt, er to av tre leiarstillingar lokalisert i Hordaland. 44 av dei totalt 52 stillingane er bestemte, der 30 er i Hordaland og Bergen, og 14 i Sogn og Fjordane. 

Komande fylkesrådmann, Rune Haugsdal, har arbeidsstad i Bergen. Og av dei sju fylkesdirektørane skal fire til Bergen, to til Leikanger og ein til Førde, går det fram i undersøkinga. 

Ordførar på Leikanger er uroa over fordelinga og fortel at han er redd for at offentlege stillingar i kommunen vil bli sentraliserte på lang sikt. 

– Eg fryktar at Sogn vil stå att med få stillingar. At desse stillingane som vert flytta til, og er på, Leikanger, vil forsvinna til Bergen i 2025, seier Odd til Porten.no. 

Arbeidsplassane viktige for regionen

Odd peikar på at det kan bli utfordrande både for privatpersonar som eventuelt kan mista jobben, og for regionen.

– Dei offentlege arbeidsplassane på Leikanger er viktige for heile regionen. Det er fleire som jobbar her medan dei bur i ein annan kommune, enn omvendt. Det er heile 52 prosent innpendling, seier han. 

Han peikar òg på tenester som fylkeskommunen har hovudansvar for, som blant anna veg og vidaregåande skular. 

– Det er mange hundre personar med å administrera desse tenestene lokalt. Å sentralisere dei kan òg gå utover kvaliteten på tenestene.

Til toppen