PREGA: Gro Starheimsæther (Sp) var frykteleg lei seg for at ho ikkje klarde å redda Ljøsne skule. Foto: Ole Ramshus Sælthun
PREGA: Gro Starheimsæther (Sp) var frykteleg lei seg for at ho ikkje klarde å redda Ljøsne skule. Foto: Ole Ramshus Sælthun

– Frykteleg lei meg for at eg ikkje klarde å redda skulen vår

Gro Starheimsæther (Sp) heldt eit rørande innlegg. Så vart Ljøsne skule lagt ned.

Lærdal: – Eg kjem til å stemma for nedlegging av Ljøsne skule, men det er ikkje lett. Samstundes; me må våga å ta dei upopulære avgjerslene. Viss me ikkje sjølve tek grep om økonomien vår er eg redd andre snart kjem til å gjera det, sa Kristen Olav Grøttebø (Ap) til kommunestyresalen.

Alle stolane for tilhøyrarar var okkuperte. Alt då ordføraren banka i gang møtet kom dei første tårene frå nokre av dei frammøtte.

Fordi det var gitt kva utfallet ville bli. Nesten heilt sikkert.

Artikkelen held fram under biletet

MÅ VÅGA: Kristen Olav Grøttebø (Ap) hinta at vegen var kort til Robek om ein ikkje torte å ta dei upopulære avgjerslene for å spara pengar.
MÅ VÅGA: Kristen Olav Grøttebø (Ap) hinta at vegen var kort til Robek om ein ikkje torte å ta dei upopulære avgjerslene for å spara pengar.

– Frykteleg lei meg for at eg ikkje klarde å redda skulen vår

– Då er dagen komen. Den siste tida har eg vore veldig oppteken av å samla bygdi. Me er ikkje så mange, så kvifor ikkje ha det kjekt saman. På større skular får elevane ein større omgangskrins tidlegare, sa Astrid Trulssen (Venstre)

For det var dagen Ljøsne skule kom til å bli lagt ned med minste mogleg margin. Gro Starheimsæther (Sp) heldt eit rørande innlegg om korleis det var å sykla saman med venene til Ljøsne skule då ho gjekk der, og korleis det tette miljøet på skulen påverka oppveksten hennar.

– Eg sit i kommunestyresalen når det bli bestemt at ungane mine ikkje får oppleva det same. Så eg er frykteleg lei meg for at eg ikkje klarde å redda skulen vår.

Artikkelen held fram under biletet

AVGJERSLA: Her fell avgjersla; ni stemte for nedlegging av Ljøsne skule, åtte for å oppretthalda.
AVGJERSLA: Her fell avgjersla; ni stemte for nedlegging av Ljøsne skule, åtte for å oppretthalda.

Starheimsæther klarde ikkje det. Ap sine fem stemmer, Høgre sine to, Venstre si eine og ei stemme hjå Senterpartiet gjekk for nedlegging av Ljøsne skule. Det blir ni. Sju Sp-stemmer og SV si eine gjekk for å oppretthalda skulen. Det blir åtte.

Dermed vart Ljøsne skule nedlagt. Sist gong ein skule i Lærdal vart lagt ned var i 1977, då skulen på Strendene.

Og tårene vart fleire, hjå fleire.

I vedtaket blei det også lagt inn at nedlegginga gjeld frå skuleåret 2017/2018.

Til toppen