UNGE SKILØPARAR: Heile 21 deltakarar i alderen tre til 14 år deltok på årets fyrst cuprenn i Borgund.
UNGE SKILØPARAR: Heile 21 deltakarar i alderen tre til 14 år deltok på årets fyrst cuprenn i Borgund. (Foto: Ida Rudningen)

BILDESERIE

Full fart i løypa på Borgund

– Ungane var skikkeleg ivrige og ga alt og litt til, seier Ida Rudningen, i Lærdal idrettslag etter årets fyrste cuprenn.

Lærdal: – Forholda var ikkje optimale, så at det kom så mange var veldig kjekt, seier Ida Rudningen i langrennsgruppa til Lærdal idrettslag.

Heile 21 deltakarar mellom tre og 14 år møtte på startstreken under årets fyrste cuprenn i Borgund.

– Det var veldig mildt og fint i dag, men det var lite snø. Det kom mykje snø for nokre dagar sidan, men så forsvann den dagen etter. Då visste me ikkje om me fekk til å arrangera renn i dag, men så klarte me å laga løyper med den nye trakkemaskina, fortel Rudningen.

Dette var det fyrste av totalt fire cuprenn denne vinteren. Rudningen håpar at det no kjem meir snø slik at idrettslaget får arrangert alle cuprenna på Kvammejordet.

– Det var ein kjempekjekk dag i skisporet. Ungane var skikkeleg ivrige, ga alt og litt til, seier Rudningen

Renna vil bli gjennomført med fjorten dagars mellomrom og premiering vil skje til våren. 

(Foto:  Ida Rudningen)
(Foto:  Ida Rudningen)
KLARE: Startnummer 5 venter på sin tur. (Foto:  Ida Rudningen)
FULL FART: Det var mykje skiglede i løypa i dag. (Foto:  Ida Rudningen)
UNGE SKILØPARAR: Heile 21 deltakarar i alderen tre til 14 år deltok på årets fyrst cuprenn i Borgund. (Foto:  Ida Rudningen)
Jobb i Sogn

Sjå alle stillingar

Til toppen