IVRIG: Det stod ikkje på viljen når ungane gjekk i løypene.Foto: Andreas Aannevik
IVRIG: Det stod ikkje på viljen når ungane gjekk i løypene.Foto: Andreas Aannevik

Full fart i påskesola

Rundt 90 ivrige ungar deltok på det årlege skirennet ved Damvoktaren laurdag føremiddag. Det stod ikkje på innsatsen hjå dei små. Deltakarane hadde med seg god smørehjelp frå både besteforeldre og foreldre. Været viste seg frå si beste side under rennet, og gjorde dagen super.

PÅSKESOL: Tilskodarane koste seg i påskesola.
PÅSKESOL: Tilskodarane koste seg i påskesola.

Mange møtte opp for å heie fram skiløparane, og kose seg med forfriskningar i påskesola.

Tradisjon

Indre Sogn Sparebank arrangerar kvart år barneskirenn på påskeaftan.Det årlege påskeskirennet ser ut til å vere ein tradisjon som har holdt fram i mange år, men også kjem til å halde fram i fleire år. 

Mange av foreldra som møter opp, har tidlegare gått det årlege skirennet.

Berit Hagaseth Vee seier oppmøtet er veldig bra.

– Det er bra med besøk i damvoktaren der folk kjøper nysteikte bollar og vafler. Men også veldig bra oppmøte på skirennet.

Seinare på dagen vart det også arrangert skirenn på Jotnavåken, der det var 41 påmeldte.

Til toppen