SKÅLO: Den omtala målestasjonen ligg om lag 200 meter sør-søraust om stølen Skålo. At stølen ligg i Aurland herskar ingen tvil, spørsmålet er om eit område på om lag seks kvadratkilometer målestasjonen står i ligg på Aurland og Skålo sameige sin grunn, eller i Lærdal på Hodndal sameige sin grunn. Privat foto 

Full forvirring rundt kommunegrensa mellom Aurland og Lærdal

Ein vêrstasjon E-CO Energi har sett opp i fjellet får fleire til å klø seg i hovudet - står stasjonen i Aurland, eller står den i Lærdal?

Aurland/Lærdal: – Det kan vera ein teknisk feil, men det kan heller ikkje utelukkast at det har kome fram nye opplysingar som tilseier at kommunegrensa skal gå der den no er teikna. Det kan også vere andre forklaringar, men dette må ein vidare prosess kasta lys over, seier oppmålingsingeniør i Aurland kommune, Kurt Karlsen, til Aurlendingen.

Det er i desemberutgåva av bygdebladet den noko spesielle saka blir omtala. For; i fjor sommar monterte E-CO Energi AS opp ein vêrstasjon på ein liten topp sør-søraust om stølen Skålo. I følgje kartet E-CO tok utgangspunkt i, var dei då i Lærdal kommune.

– Me har standard prosedyrar på dette og brukar Sognekart som grunnlag. Så sender me brev til aktuelle grunneigarar, både Skålo og Hodndal sameige i dette tilfellet, seier kraftverkssjef ved E-CO Energi AS, Knut Helge Kjærvik til Porten.no.

Artikkelen held fram under kartet

AURLAND ELLER LÆRDAL?: Målestasjonen er sett opp på ein haug om lag 200 meter sør-søraust om stølen Skålo, i området der den raude markøren er sett inn. Kommunegrensa er oppgitt som den lilla, stipla linja på Sognekart - som både ECO Energi AS og kommunen nyttar. Stemmer denne grensa ligg målestasjonen i Lærdal og på Hodndalen sameige sin grunn. Men i følgje Skålo sameige er denne grensa trekt for langt vest, noko dei meiner å dokumentera i sju punkt. Stemmer dette ligg målestasjonen i Aurland og på Skålo sameige sin grunn. Skjermdump frå sognekart.no

Ulike grenser i eldre og nyare kart

Dermed søkte E-CO Energi AS om byggjeløyve frå Lærdal kommune. Dette vart innvilga, og grunneigarane i Hodndal sameige, altså lærdølene, fekk utbetalt ei eingongserstatning for arealavståing. Men så hevda Skålo sameige at kartgrunnlaget som vart nytta i byggjesaka syner feil plassering av kommunegrensa, som også er eigedomsgrense.

Har dei rett i dette så har både feil kommune handsama byggjesaka og feil sameige fått utbetalt erstatning for avståing av areal.

Bakgrunnen for forvirringa er at matrikkelkartet frå Sognekart syner korleis kommunegrensa mellom Aurland og Lærdal per dags dato er registrert ved Skålo. Hodndal sameige har i brev til kommune i september i år skrive at dei har teke utgangspunkt i Turkart for Lærdal for 2008. 

Dokumentasjonen frå Skålo sameige på eigedomsgrensa mellom dei og Hodndalen - som altså også er kommunegrense - består av sju punkt. Dei syner mellom anna til kartet oppmålt av Norges Geografiske Oppmåling. I følgje sameiga er kommunegrensa teikna rett inn på dette kartet, og at dette også samsvarar med grensa slik den er skildra i gamle kart.

 – Det er vanskeleg å seia noko sikkert om kva som har skjedd i ettertid og kvifor kommunegrensa er endra i nyare kart. Som nemnt kan det skuldast ulike faktorar, seier oppmålingsingeniør Karlsen til Aurlendingen.

Jordskifteverket kan bli kopla inn

Og der står saka.

– Me er nøytral part og sit eigentleg på gjerdet no. Det kan bli snakk om ei synfaring og grensegang, men då først til våren, seier Kjærvik til Porten.no.

Karlsen fortel også til bygdebladet at dei har vore i kontakt med Kartverket for å rådføra seg om korleis ei slik sak best kan handterast og gjennomførast.

–Tilbakemeldinga frå Kartverket er at partane kan bestilla ei oppmålingsforretning over dei uklåre grensestrekka. Ei slik oppmålingsforretning kan kommunane gjennomføre, men eit anna godt alternativ vil vera å nytta Jordskifteverket til ei slik grensekartlegging

Til toppen