SEG SJØLVE Å TAKKE: Fylkesordføraren i Hordaland, Anne Gine Hestetun, meiner at rogalendingar, møringar og romsdøler som ikkje likar namnet Vestlandet på fylket som skal bestå av Hordaland og Sogn og Fjordane, har seg sjølve å takke, sidan dei ikkje ville vere med i den nye regionen.
SEG SJØLVE Å TAKKE: Fylkesordføraren i Hordaland, Anne Gine Hestetun, meiner at rogalendingar, møringar og romsdøler som ikkje likar namnet Vestlandet på fylket som skal bestå av Hordaland og Sogn og Fjordane, har seg sjølve å takke, sidan dei ikkje ville vere med i den nye regionen. (Bilde: Johansen, Erik)

Full krangel om «namnekupp» på Vestlandet

Hordaland og Sogn og Fjordane har vedtatt å slå seg saman til ein region dei vil kalle Vestlandet. Reaksjonane frå resten av Vestlandet er skarpe.

Namnevedtaket, som vart gjort i fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland fredag, har fått folk i dei to andre vestlandsfylka – Rogaland og Møre og Romsdal – til å reagere.

– Dette er eit arrogant og dumt vedtak. To av vestlandsfylka er ikkje med i den nye regionen. Då bør ikkje den midtre delen av det etablerte Vestlandet få lov til å stele namnet frå resten av landsdelen, skriv Haugesunds Avis i ein leiarartikkel. Dei ber naboane i nord om å liggje unna namnet.

– Det er fire vestlandsfylke

Også nordfrå på Vestlandet kjem det reaksjonar.

– Vestlandet er ein landsdel, uavhengig av kvar fylkesgrensene går. Slik vil det også måtte vere etter regionreforma, og ingen kan få lov til kuppe namnet, skriv Sunnmørsposten.

Avisa peikar på at mindre enn halvparten av innbyggjarane i dei fire vestlandsfylka bur i Hordaland og Sogn og Fjordane.

– Frårøva namn og identitet

I leiarartikkelen sin tysdag skriv Fjordingen , som har base i Stryn i Sogn og Fjordane, at fylkestinga gjer mange ein stor urett ved å «redusere Vestlandet til noko mykje mindre enn det er».

– Namn engasjerer. Verst er det når mange føler dei blir frårøva både namn og identitet. Sjølv om Hordaland og Sogn og Fjordane viser til at også Rogaland og Møre og Romsdal var invitert inn i storregionen, set dei to fylka no resten av Vestlandet på sidelinja, skriv avisa.

Rogalands Avis i Stavanger antydar at politikarane nordpå driv med «villeiande marknadsføring» gjennom vedtaket.

– Det er mogleg fylkespolitikarane i det såkalla Vestlandet meiner folk i Møre og Romsdal er reservetrønderar og vi rogalendingar er kvasisørlendingar, skriv avisa i sin leiar tysdag.

– Kunnskapslaust

Senterpartipolitikar Ole Sverre Bjørndal, som sit i bystyret i Bergen, trekkjer parallellar til om ein austlandsregion hadde funne på å kalle seg for Noreg.

– Det er både historielaust og kunnskapslaust, seier han til Sunnmørsposten og spør om dette er det største namneranet i noregshistoria.

Det er Stortinget som skal ta den endelege avgjerda om kva det samanslåtte fylket får heite. I forkant av dette skal Språkrådet gi ei offisiell fråsegn.

Direktøren i Språkrådet Åse Wetås har allereie vist sin skepsis til namnet i ein kronikk i Aftenposten, skrive saman med Botolv Helleland i mars i år.

– Å avgrense Vestlandet til det som i dag er to fylke, bryt med tradisjonell språkbruk. Det vil oppstå ei uheldig dobbeltbetyding om Vestlandet både skal vere namn på eit nytt storfylke og på landsdelen som i dag går over fire fylke, seier ho.

– Alle var inviterte

Ifølgje Bergens Tidende forsvarar dei to fylkesordførarane i Hordaland og Sogn og Fjordane namnevalet.

– Namnet måtte bli Vestlandet. Vi bur på det sentrale Vestlandet. Det er dette som er identiteten vår og som har prega vår oppvekst. Eg synest det er eit godt namn. Vi tar ein posisjon, sa fylkesordførar Jenny Følling i Sogn og Fjordane etter vedtaket.

Fylkesordføraren i Hordaland, Anne Gine Hestetun, viser til at rogalendingar og møringar kan takke seg sjølve, sidan dei ikkje ville vere med i den nye regionen.

– Alle var inviterte til å vere med. Møre og Romsdal sa med ein gong at dei ikkje ville vere med, mens Rogaland var med fram til intensjonsavtalen låg føre og stemte nei. Alle har fått same moglegheita, seier ho.

Til toppen