AVGJORT: Scoringa til Truls Hovland var det som skulle til for at Årdal FK beheld plassen i 3. divisjon. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen
AVGJORT: Scoringa til Truls Hovland var det som skulle til for at Årdal FK beheld plassen i 3. divisjon. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Full pott på krøllgraset

Då Årdal FK møtte Brattvåg på krøllgrasbana på Jotun stadion laurdag, gjekk dei med innstillinga om å hanka inn eitt poeng.

Ivan Øy under kampen mot Brattvåg
STOLT: Ivan Øy er stolt over prestasjonane til spelarane, og får ikkje fullrost dei nok. 
Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Årdal: Heimelaget overrumpla Brattvåg i laurdagens kamp på Jotun stadion. Då Truls Hovland stilte seg opp for å ta straffesparket etter ei takling som hindra Årdal FK i ein målsjanse, stod spenninga i taket både for laget sjølv og publikum.

Hovland sendte ballen sjølvsikkert i mål, og sikra dermed Årdal FK plassen i 3. divisjon. 

– No kan me reise til kampen mot Hødd 2 neste helg med senka skuldre, seier ein letta Ivan Øy. 

Sikra

Sidan utfordrarane Kristiansund BK II og Kristiansund FK spelte uavgjort i laurdagens kamp, og Florø 2 tapte mot Herd, betyr det at Årdal FK er sikra plassen i divisjonen. 

Les også: Sikra plassen med tre poeng

Øy innrømmer at å ligge på vippen til å rykke ned har vore ei stor påkjenning for dei alle saman. Han håpte på å få eitt poeng ut av kampen laurdag, sidan Brattvåg ikkje har tapt ein einaste bortekamp denne sesongen. 

– Det er ekstra deilig med full pott, og i tillegg når me slo eit topplag som Brattvåg, seier han entusiastisk. 

Artikkelen held fram under biletet.

SOLEKLAR STRAFFE: Her har Truls Hovland nettopp sikra plassen i 3. divisjon.
SOLEKLAR STRAFFE: Her har Truls Hovland nettopp sikra plassen i 3. divisjon.

Slappar ikkje av

Sjølv om Årdal FK slepp å bekymre seg meir om plasseringa i divisjonen, er Øy tydeleg på at dei ikkje skal ta for lett på den siste kampen. 

– Men me slepp å ha det presset hengande over oss, seier han. 

Øy er audmjuk når han snakkar om spelarane på Årdal FK. Han får ikkje fullrost dei nok, og tykkjer dei har gjort ein imponerande jobb heile vegen. 

Kampen mot Hødd 2 er neste laurdag på Høddvoll i Ulsteinvik, og den siste i serien. 

 

Til toppen