PUDDER: Mange var litt uroa for snøtilhøva i Hodlekve no når Fjellsportfestivalen brakar laus. Det treng dei ikkje vere lenger. Her er det Njål Sund som leikar seg i nysnøen tidlegare i dag. Foto: Karl-Kristian Muggerud.

Full pudderalarm på opningsdagen: – Vi sat heime og jubla

Etter ein månad med snøtørke vakna endeleg vêrgudane. – Det var så mykje pudder at du kan lande på hovudet og endå overleve, seier ei som har testa forholda i bakken.

Sogndal/Hodlekve: I dag var det opningsshow for Fjellsportfestivalen med skiballettkonkurranse i Sogndal sentrum. Vinnarduoen frå Lurkarlaget, forøvrig med dagens to mest treffande namn, varma opp til sigeren med perfekte skiforhold i Rindabotn.

– Det var heilt fabelaktig. Det var så mykje pudder at du kan lande på hovudet og endå overleve, seier Margit Sandem Fjellengen.

Les også: Dugnadsviljen gjer festivalsjefen heilt rørt

VINNARPAR: Ole Gunder Skiaker og Margit Sandem Fjellengen frå Lurkarlaget stakk av med sigeren i skiballetten under opningsshowet.
VINNARPAR: Ole Gunder Skiaker og Margit Sandem Fjellengen frå Lurkarlaget stakk av med sigeren i skiballetten under opningsshowet.

– Heilt konge!

Saman med makker Ole Gunder Skiaker framførte ho ein temmeleg improvisert dans akkompagnert av ein oppjazza versjon av Rihanna sin Umbrella. Eit treffande tema for slapseføret i sentrum, men ikkje for det som møtte dei tidlegare på dagen i Sogndalsdalen.

– Det snødde ikkje flak, det snødde snøballar. Vi sat heime og jubla mens vi drakk kaffi og såg ut vinduet. Det er heilt konge!, seier Skiaker.

LETTA SJEF: Ragnhild Fagerslett, sjef for Fjellsportfestivalen, var letta då ho vakna til kvite fjell i Sogndal.
LETTA SJEF: Ragnhild Fagerslett, sjef for Fjellsportfestivalen, var letta då ho vakna til kvite fjell i Sogndal.

Også festivalsjef Ragnhild Fagerslett deltok på skiballetten. For ho var det fantastisk å vakne til kvite fjell på opningsdagen.

Var budde på det verste

– Det gjer noko med stemninga i Sogndal når det er snø. Skiheisen har brøyta og brøyta i heile dag, så no trur eg det er full snøfest oppe i der, seier ho.

Den planlagde frikøyringskonkurransen vart avlyst som følge av dei usikre snøtilhøva. Utover det var festivalleinga innstilte på å lage ein topp festival uansett. 

– Vi var alltid sikre på at det var nok snø til å gjennomføre det vi skulle. Men vi var litt spente, spesielt når regnbygene kom på slutten, vedgår festivalsjefen, som no kan puste letta ut.

– No blir det berre å kose seg resten av veka, seier ho.

Her kan du sjå fleire bilete frå opningsshowet:

BYDDE TIL DANS: Mange hadde trassa vêret for å heie fram dei fire påmelde laga i den uhøgtidelege konkurransen. Her er det folkehøgskulen som tek mot jubelen frå publikum.
BYDDE TIL DANS: Mange hadde trassa vêret for å heie fram dei fire påmelde laga i den uhøgtidelege konkurransen. Her er det folkehøgskulen som tek mot jubelen frå publikum.
SAMSTEMT JURY: Ordførar Jarle Aarvoll var ein av medlemmane i dommarpanelet.
SAMSTEMT JURY: Ordførar Jarle Aarvoll var ein av medlemmane i dommarpanelet.
LITE Å SEIE PÅ STILEN: Den mannsterke troppen til SGN Skis var blant førehandsfavorittane, men kan i det minste legge noko av skulda på teknikken for det skuffande resultatet. 
LITE Å SEIE PÅ STILEN: Den mannsterke troppen til SGN Skis var blant førehandsfavorittane, men kan i det minste legge noko av skulda på teknikken for det skuffande resultatet. 
GODT HANDVERK: Det er forskjell på rulleski og ski med hjul. Folkehøgskulen viste fram både god rytmesans og godkjente sløydkunnskapar under skiballetten. 
GODT HANDVERK: Det er forskjell på rulleski og ski med hjul. Folkehøgskulen viste fram både god rytmesans og godkjente sløydkunnskapar under skiballetten. 
Til toppen